Hopp til innhold

To nye spelarar klare – Sogndal ventar store utskiftingar

FOSSHAUGANE (NRK): Med fem spelarar på veg vekk og fleire på utgåande kontrakt jobbar Sogndal på spreng for å få tak i fleire erstattarar i dette overgangsvindauget.

Eirik Bakke på trening

VENTAR FLEIRE: To signeringar vart torsdag klar for Sogndal. Trenar Eirik Bakke ynskjer fleire spelarar inn.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Det er klart me merkar at det er andre året i Obosligaen, og at me ligg der me ligg på tabellen. Men det er framleis mange som vi til Sogndal, seier sportsleg leiar for Sogndal Fotball, Håvard Flo.

To spelarar inn

Berre eit halvt døgn inn i overgangsvindauget som opna torsdag, vart det stadfesta at Sogndal hadde sikra seg Rosenborg-spelaren Igoh Ogbu på lån ut sesongen. Den Nigerianske forsvarsspelaren spela U-20 VM saman med Sogndal-spiss Akor Adams tidlegare i år. Ifølgje Flo er han venta å verte ein viktig tilvekst i stallen utover hausten.

– Han har nokre gode kvalitetar som me definitivt kan få bruk for, seier han.

Også midtbanespelaren Tomas Kristoffersen, frå Tromsdalen, vart i går signert av klubben som før sesongstart hadde eit uttalt mål om opprykk til Eliteserien

– Han er ein klok og erfaren spelar som me har følgt med på over tid, seier Flo.

nye signeringar på trening

NYSIGNERINGAR; Dei to nysigneringane frå venstre Igoh Ogbu og Tomas Kristoffersen på første trening etter at overgangsvindauget opna 1. August.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Mista nøkkelspelarar

Tidlegare denne sesongen vart det klart at Martin Ramsland og Ole Amund Sveen kom til å gå til nye klubbar den 1. August. Spelarane, som hadde utgåande kontrakt og difor gjekk gratis, har vore sentrale spelarar i Eirik Bakke si tid som trenar for Sogndal. Håvard Flo tykkjer det er synd at spelarane valde å forlate klubben.

– Det er alltid trist å miste spelarar som har vore profilar og gitt mykje bra til klubben, seier han.

Flo fortel at klubben jobbar med å finne fleire erstattarar som kan passe inn i klubben. Trass i at klubben ønskjer å signere profilar som kan gå inn i sentrale roller på laget, gjer klubbens økonomiske situasjon det vanskeleg å tiltrekke seg signeringar frå øvste hylle.

Håvard Flo på Fosshaugane Campus

HÅPAR PÅ FLEIRE: Sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, håpar at fleire gode spelarar vil verte signert for klubben i dette overgangsvindauget.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Me er i marknaden og prøver å rekruttere der vi kan i høve til nivå og kostnadar. Men me skal nok få fylt på med ansikt som kan bidra på ein god måte.

Ønskjer svoltne spelarar

Behovet for å signere nye spelarar er stort då det allereie er stadfesta at to spelarar forsvinn etter sesongen. For nokre dagar sidan vart det bekrefta at Eirik Schulze går til Start etter sesongen, og keeper Kristian Rutlin har meldt overgang til Fjøra. Ein annan spelar som no vurderar å gje seg er bergensaren Eirik Birkelund.

– Han har vore ein fantastisk bidragsytar, men har slite med skade i år. Ingenting er avklart endå, seier trenar Eirik Bakke.

I tillegg til desse er viktige spelarar som Ulrik Flo og kaptein Mathias Dyngeland på utgåande kontrakt. Sjølv om det jobbast med å re-signere fleire spelarar er ikkje Bakke bekymra for at Sogndal skal ende opp med eit mannskap som ikkje er slagkraftig.

Eirik bakke på trening

OFFENSIV: Trenar Eirik Bakke har trua på at Sogndal skal klare å skaffe dei rette typane som vil vere med å kjempe om opprykk.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Me må bruke tid for å finne ein god gjeng slik at me kan kjempe vidare. Sjølv om me er eit lite stykke unna det no kan ein fint vinne ting i fotball med unge svoltne gutar også. Det er det eg jobbar med no, seier Bakke.