Hopp til innhold

To nye Sogndal-spelarar

Ein svensk midtbanespelar og ein estisk forsvarsspelar er klare for 2007-stallen til Sogndal.

Peter Nyström saman med Yngve Hallén i Sogndal Fotball
Foto: Sogndal Fotball

Sogndal Fotball har skrive treårskontrakt med 22 år gamle Peter Nyström og 24 år gamle Karl Palatu.

Ein av dei dyraste

Overgangssummane skal ligge på rundt ein million kroner for Palatu og omlag 200.000 kroner for Nystrøm.

-Eg reknar farten og stryken min som dei beste sidene ved meg som fotballspelar, seier Karl Palatu. Stopparen som no melder overgang frå Flora Tallinn blir ein av dei dyraste spelarane Sogndal nokon gong har henta, og han har ei stigande stjerne i heimlandet.

-Han er den typen spelar du ventar skal forsvinne til utlandet, seier sportsjournalist Marko Paloveer i Tallinn-avisa Postimees.

Tøffing og hissigpropp

Han er samd med spelaren sjølv i at det er lite å utsetje på farten og styrken til Palatu, men at han kan vera ein ein tøffing og ein hissigpropp.

-Han har ikkje fått veldig mange gule og raude i år, men ein del har det vore. Det forsvinn nok når han får meir erfaring, seier Paloveer.

-Palatu er ikkje ikkje aktuell for det estiske landslaget enno, men på sikt kan han bli det, held journalisten fram.

195 cm høg

Sogndal sin andre nykomar, Peter Nystrøm, er 22 år, og dermed må klubben ut med utdanningskompensasjon til den gamle klubben hans, Västra Frölunda i Gøteborg. Nystrøm karakteriserer seg sjølv som ein typisk "balansspelare" - altså ein defensiv midtbanespelar.

-Men eg er van med å bli flytta fram når me treng mål og bak når me skal halda tett bakover, seier det 195 centimeter høge fyrtårnet.