Få kjøper granplanter. Arkivfoto NRK
Tilskot fall bort
- Hovudårsaka til at skogeigarane ikkje kjøper meir planter er bortfall av tilskotet til skogkultur for tre år sidan, seier Svein Saure ved planteskulen.
- Ingen pådrivar for skogplanting
Samstundes har omorganisering av skogetatane rundt om i kommunane resultert i at det ikkje er nokon som oppmodar bøndene om å plante skog. - Alt dette har ein psykologisk effekt, seier Saure.
- Vil merkast om ikkje så brått
Skogplanting er ei langsiktig investering. Det tek 50-60 år før ein kan hauste, men plantesvikten no vil merkast om ikkje så brått.
Planteskulane slit
Plantesvikten har også den følgje at planteskulane slit. Brandsøy er i dag den siste planteskulen eigd av skogselskapet mellom Agder og Trøndelag. Brandsøy planteskule kjempar no for å overleve og jobbar kontinuerleg med å finne alternative måtar å tene pengar på, seier Saure.