Påtalemakta bad torsdag om åtte veker fengsling for to menn på 35 og 36 år.
– Det er fordi vi meiner det er fare for at dei forlêt landet, forklarar politiadvokat May Britt Erstad.
Torsdag kveld blei det klart at dei blir fengsla i åtte veker.
Etter ordre frå Riksadvokaten har Statsadvokaten tiltalt dei to brørne for mordbrann og grovt skadeverk etter brannen på asylmottaket Lune Huler i Lindås i Hordaland.
Det var Bergens Tidende som først omtala tiltalen.
To personar i bygget
Det planlagde mottaket brann ned til grunnen i desember 2015. Då var det berre gått eit døgn sidan bygningen var godkjent som asylmottak.
Allereie frå starten av mistenkte politiet at brannen var påsett. To personar var i bygget då det byrja å brenne, men dei kom seg ut i god behald.
Totalt har tre polske menn vore sikta i saka. I fjor haust fekk NRK opplyst at politiet i sin innstilling til statsadvokaten berre ville tiltalte to av mennene.
Forsvarar: – Oppsiktsvekkjande
Forsvarar Øyvind Sterri representerer ein av dei polske statsborgarane og meiner saka er uvanleg.
– Det er oppsiktsvekkjande at klienten min har vore sikta og lauslaten, og no halvanna år seinare vert arrestert og framstilt for varetektsfengsling, seier Sterri til NRK.
Etter det NRK kjenner til ønsker også statsadvokaten å tiltale ein tredje mann i saka. Strafferamma er på opp til 21 år.
– Det ligg ei omfattande etterforsking til grunn. Bevisa har vore ein runde via Riksadvokaten, seier statsadvokat Benedikte Høgseth.
TOTALSKADD: Asylmottaket brann ned til grunnen.
Foto: ODDBJØRN ROSNES / NRKHeld på fast på si uskuld
Advokat Øivind Sterri representerer den tiltalte 35-åringen. Advokaten seier til NRK at den polske statsborgaren er overraska over tiltalen og over at politiet trur det er fare for at han vil stikka av.
– Min klient har budd i bergensområdet både før og etter brannen, og stiller seg uforståande til varetektsfengslinga. Omfanget av tiltalen går inn på han. Han held fast på at han ikkje har noko med brannen å gjera, seier Sterri.
Forsvarar for den andre tiltalte, advokat Dagfinn Hessen Paust, vil ikkje kommentera tiltalen overfor NRK.