To menn arresterte etter fest

Politiet arresterte i natt to menn på 23 år etter bråket i Lars Hilles gate i Bergen. Éin er sikta for skadeverk og den andre for trugslar med kniv. – Det var ei form for fest av id, der det kom ubedne gjester. Ein av dei arresterte skal ha truga med kniv i forkant av skadeverket, fortel operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.