Hopp til innhold

To lag stod igjen på ferjekaien: – Mange sneik forbi oss

Edvald Boasson Hagen rakk starten med eit naudskrik. – Utfordrande å arrangera ritt på Vestlandet, seier rittleiar.

Edvald Boasson Hagen i Odda

FERJEFAST: Bussane til Dimension Data og Israel Cycling Academy kom ikkje med på ferja då den var for full. Edvald Boasson Hagen måtte difor få politieskorte for å rekka start.

Foto: NRK

Fredag stod dei to profflaga Dimension Data og Israel Cycling Academy att på ferjekaien i Tørvikbygd. Ferja over Hardangerfjorden var rett og slett full.

Laget til Edvald Boasson Hagen og resten av laget måtte difor få politieskorte til Odda, der startskotet for den tredje etappen av Tour des Fjords gjekk berre 20 minutt seinare.

– Det gjekk på håret, dette, sa Hagen til speakeren i Odda då han gjekk på scena før start.

– Krevjande logistikk

Rittleiar Roy Hegreberg i Tour des Fjords har sendt ryttarar inn i vestlandske fjordartarmar sidan 2013. Seksdagarsittet går gjennom Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland og ryttarane får oppleva på nært hald det som kanskje er regionen si fremste salsvare: norsk natur.

Roy Hegreberg

KREVJANDE: Rittleiar Roy Hegreberg meiner det er utfordrande å leggja sykkelrittet til dei mange vestlandske kommunane. – Heilt klart utfordrande, men landskapet er veleigna for å laga eit godt sykkeløp.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

– Ryttarane synest rittet er spektakulært. Alle har høyrt om fjordane i Noreg, og dei varierte omgjevnadene er veleigna for å laga eit godt sykkelløp. Men klart det er utfordrande logistikkmessig.

20 lag på startstreken

Tre World Tour-lag, åtte Pro Continental-lag og sju Continental-lag står på startstreken i årets utgåve. I tillegg til åtte-ni ryttarar stiller kvart lag med eit omfattande støtteapparat, som alle skal transporterast mellom dei mange arrangørkommunane. Det same skal eit respektabelt tal bilar, bussar og lastebilar. Då kan det fort oppstå krøll.

– Det er først og fremst utfordrande å skaffa nok hotellrom til alle som deltek. Me har klart å løysa det, men utgangspunktet er krevjande når me er innom fleire mindre stader, seier Hegreberg.

TOUR-DES-FJORDS

KVAM: Ryttarane passerer Fyksesund i Kvam herad på Tour des Fjords' andre etappe. Edvald Boasson Hagen endte til slutt som nummer to.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP

– Mange sneik forbi oss

Fredag gjekk det på håret. Denne gongen var det ferjekapasiteten i Hardanger som bukka under for sykkelsirkuset.

– Me stod lenge før mange andre andre lag, men fleire sneik forbi, så då blei me ståande att, seier Edvald Baosson Hagen, som spurta inn til ein andreplass under torsdagens målgang i Norheimsund.

Rittsjefen seier det er beklageleg at to lag kom såpass tett opp mot starttidspunktet, men trur ikkje den lange ventetida i bussen vil påverka utfallet.

Edvald Boasson Hagen i Odda

SEINT, MEN GODT: Dimension Data blei ståande att på ferjekaien i Tørvikbygd. Under 20 minutt før rittstart var laget i Odda. – Mange sneik forbi oss, seier Edvald Boasson Hagen.

Foto: NRK

– Alle laga hadde bestemt seg for den same ferja, så det blei rett og slett for mange køyretøy på ein gong.

Samanlagtfavoritt Hagen er ikkje redd for at den seine inngangen til etappen skal påverka målet om samanlagtseier.

Før 3. etappe ligg han 31 sekund bak belgiske Dries van Gestel.

– Nei, det går bra. Me har førebudd oss i bussen uansett. Målet er å ta så mange bonussekund som mogleg, så håpar eg på ein massespurt som gir fleire sekund i samandraget.