To kvinner omkom då dei vart påkøyrt av ein bil på ein gangveg i Kjølsdalen i Eid kommune. Kvinnene gjekk på gangvegen og bilen skal ha køyrt ut av vegen og treft dei to fotgjengarane.
– Ein bil kom i retning frå Måløy mot Nordfjordeid. Kvinnene gjekk på gangvegen ved avkøyringa til Kjølsdalen og blei påkøyrt på gangvegen, seier Per Algrøy, operasjonsleder i Vest politidistrikt.
AVSPERRA: Dei to kvinnene gjekk på ein gangveg langs riksveg 5 då dei vart påkøyrt.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRKFøreren av bilen, ein mann i 50-åra, vart send til sjukehus med lettere skadar. Politiet har teke ein rutinemessig blodprøve av mannen og skal i kveld jobbe vidare med å finne ut kvifor ulukka skjedde.
– Vi skal gjøre avhøyr av førar og vitne til ulukka, og gjøre undersøkinger på staden, seier Algrøy.
Ifølgje politiet vil dei gjøre eit forsøk på å avhøyre mannen i løpet av fredag føremiddag.
Heimehøyrande i Kjølsdalen
Dei to omkomne kvinnene var i 50- og 60-åra og begge budde i Kjølsdalen. Kommunen har tatt i bruk skulen i Kjølsdalen slik at folk kan samlast der.
– Då vi vart varsla om dette samla vi kriseleiinga i kommunen. Eit psykososialt kriseteam er i arbeid no for å hjelpe dei pårørende og vi har oppretta ein samlingsstad for dei som ønskjer det på skolen i Kjølsdalen, seier Alfred Bjørlo, ordfører i Eid.
– Pregar bygda
Ordføreren var på veg dit torsdag kveld, for å møte dei som har samla seg på skolen.
– Ei slik ulukke er umogleg å førebu seg på. På ein liten plass som dette så er alle berørte og det er klart at dette gjer eit voldsomt inntrykk, seier Bjørlo.
I Kjølsdalen bur det rundt 500 til 600 personer. Bjørlo seier ulykka vil prege bygda.
– Det er tragisk og eit sjokk for alle når noko slikt skjer. Det er ei frykteleg hending og vil prege oss i lang tid framover, seier han til NTB.
VEGEN STENGT: Riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Måløy vart stengt på grunn av uplukka.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK