Hopp til innhold

Nekta å betale bøter etter fest. No er dei to kvinnene dømde

Kvinnene prøvde saka for retten, men er dømde til høgare bøter. Dommen blir truleg anka. Samstundes får Bergen kommune kritikk.

Turisme i Norge

STRENGT: I november i fjor opplevde Bergen sitt høgste smittetrykk under pandemien. Svært strenge og inngripande reglar vart innført.

Foto: Marianne Løvland / NTB scanpix

Natt til 15. november 2020 delte bergenspolitiet ut bøter for totalt 70.000 kroner, etter å ha kome over ein fest med 15 personar i Sandviken.

Smittetala i Bergen var på sitt høgaste under pandemien i den perioden. Byrådet i Bergen hadde difor frå 6. november innført ei forskrift som gjorde det ulovleg å vera samla fleire enn fem personar i private heim.

To kvinner på 34 og 28 år nekta å godta bøtene dei fekk for festen i Sandviken og tok saka til retten. Dei argumenterte for at forskrifta ikkje var smittevernfagleg grunngitt.

– For meg er ein betydeleg sum å betala. Eg vil vita at bota er gitt på gyldig grunnlag før eg betalar, sa den eine kvinna i retten under den to dagar lange forhandlinga i slutten av juni.

Dømde – forsvarar varslar anke

No har altså retten kome fram til at grunnlaget var gyldig. Dei blir dømde for brot på smittevernlova til høgare bøter på høvesvis 6000 og 12.000 kroner.

Dommen er samrøystes og kvinnene slepp å betala sakomkostningar. Nektar dei å betale, blir dommen på høvesvis 12 og 24 dagar fengsel.

«Retten er av den oppfatning at begrensningen på fem personer i private sammenkomster, vedtatt for to uker, var egnet, hensiktsmessig og en legitim regel for å sikre liv og helse», er avgjerda i den ferske dommen frå Hordaland tingrett.

Forsvarar Didrik Beck Rodarte seier han vil råda kvinnene til å anka, utifrå det han har lest til no.

– Dette var ikkje resultatet vi ønska, naturlegvis. Men retten påpeikar fleire svakheitar ved kommunen si saksbehandling, seier Rodarte til NRK.

NRK har vore i kontakt med den 28 år gamle kvinna, som ikkje vil kommentera saka no.

Kommunal kriseledelse - prosjekt korona

KRISELEIING: Kommunen etablerte kriseleiing både under utbrotet i mars 2020 og i november, då smittetala gjekk til vêrs igjen. Her frå kriseleiinga som var samla 27. mars 2020.

Foto: Katarina Lunde / Bergen kommune

– Slurv av byrådet

Bøtene var opphavleg på 5000 kroner og 10.000 kroner. Ei av kvinnene arrangerte festen og fekk difor høgare bot.

I retten argumenterte Rodarte for at byrådet ikkje gjorde tilstrekkelege medisinskfaglege vurderingar før innføringa av fempersons-regelen.

– Dette handlar om eit byråd som har fått overtenning og slurva, sa han til retten.

– Vitneførselen har klart styrka inntrykket av at byrådet gjorde tilstrekkelege og relevante vurderingar, parerte aktor Øyvind Rune Bjørkås og bad retten heve bøtene til 6000 og 12.000 kroner.

Både helsebyråd Beate Husa (KrF) og tidlegare kommunaldirektør Robert Rastad, begge sentrale i krisehandteringa, vitna i retten.

Får kritikk

Bergen kommune får likevel noko kritikk av Hordaland tingrett. Retten skriv at det ville vore ein fordel om den skriftlege grunngjevinga frå 17. november låg føre «forut for vedtakelsen av forskrifta».

Den vart altså innført 6. november og grunngjevinga i saksframstillinga «er knapp» og at det difor var vanskeleg «å vurdere konkret hvilke forholdsmessighetsvurderinger som ble gjort», kommenterer retten.

Dei skriv vidare at ein meir formalisert grunngjeving ville gjort at vurderingane var meir gjennomsiktige og etterprøvbare, og «gjort det lettere for innbyggerne å forstå de strenge tiltakene».

Retten: – Ikkje i strid med menneskerettane

Ein lengre og utvida skriftleg vurdering låg ikkje føre før 17. november.

– Vi er nøgde med at retten seier regelen var hensiktsmessig og legitim. Vi var opptekne av å redda liv i ein pressa situasjon med krevjande tidsperspektiv og eskalerande smittetal. Det var opplagt at vi måtte ta kraftige grep og at det måtte skje raskt, seier helsebyråd Beate Husa (KrF) til NRK.

– Vi har erkjent undervegs at vi har noko å læra. Men vi har sett at det var effektivt for å stoppe smittespreiinga å legge begrensningar på private samankomstar.

Ein del av kritikken har vore at kommunen ikkje la fram den skriftlege grunngjevinga for den svært strenge forskrifta med maks fem personar i private heimar tidlegare.

Jusprofessor Hans Fredrik Martinussen gjekk hardt ut mot byrådet i Bergen og råda festdeltakarane til å nekta å godta bøtene.

Han meiner fempersons-regelen kan vera i strid med menneskerettane og meiner den skriftlege vurderinga kom for seint og den kom «i all hast for å dekke over løgnen».

Retten er ikkje samd:

«Retten kan imidlertid ikke se at den manglende nedtegnelsen eller andre forhold ved saksbehandlingen knyttet til forholdsmessighetsvurderingen i forkant av forskriften fra 6. november, er i strid med de krav som stilles til saksbehandlingen etter nasjonal forvaltningsrett, grunnloven eller EMK».