Hopp til innhold

For tidleg å seie noko om ulukkesårsaka

Politiet har førebels avhøyrt 12 vitne etter den alvorlege trafikkulukka i Sogndalsdalen i går.

Ulukke ved Frudalstunnelen

SKADDE: Fire personar blei skadde i trafikkulukka ved Frudalstunnelen.

Foto: NRK-tipsar

Regionlensmann Inger Lill Lanes seier det likevel er for tidleg å seie noko om årsaka til ulukka.

– Vi må sjå kva som kjem fram i vitneavhøyr og dei undersøkingar som blir gjort av køyretøy. Førebels er ulukkesårsaka open og vi vil ikkje spekulere, seier ho.

Ikkje lenger kritisk

Politiet har førebels avhøyrt 12 vitne etter ulukka. Bussføraren er mellombels fråteken førarkortet.

To kvinner i 50-åra vart sende til Haukeland universitetssjukehus med alvorlege skader. Helse Bergen opplyser måndag ettermiddag at tilstanden er endra til alvorleg skadd.

I tillegg vart to menn alvorleg skadde i ulukka. Eine vart søndag kveld frakta til Haukeland, medan den andre framleis er lagt inn ved Førde sentralsjukehus.

Havarikommisjonen varsla

Ulukka skjedde søndag føremiddag då ein buss og to personbilar kolliderte. Politiet seier at alle dei fire som er frakta til sjukehus, sat i same bilen. Ein av personane sat fastklemt etter kollisjonen.

Ulukka skjedde om lag 150 meter utanfor Frudalstunnelen, på sogndalsida. Det skal ha vore vanskelege køyreforhold på staden, med veldig glatt vegbane.

NRK får stadfesta at Havarikommisjonen for vegtrafikk vart varsla om ulukka. Dei kjem truleg ikkje til å følgje saka nærare opp.

I tillegg til dei involverte i ulukka, er føraren av ein brøytebil og tilkommande trafikantar mellom vitna politiet avhøyrer.

– Vi er framleis i innsamlingsfasen for å prøve å finne ut så mykje som mogleg. Vi må avhøyre impliserte, avhøyre vitne og få gjort dei undersøkingane vi kan av køyretøy og staden, seier Lanes.

Buss som kolliderte med bilar i Sogndalsdalen

KOLLISJON: Bussen kolliderte med to personbilar.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK