Hopp til innhold

To i drukkenskapsarresten

To personar sit i drukkenskapsarresten i Bergen sentrum fredag morgon. Fleire tipsa politiet om ein rusa mann som var vanskeleg på byen. Politiet bad 33-åringen forlata sentrum, men mannen nekta. – Han sit difor i arresten. Der sit også ein 31-åring, som var våt og kald og ikkje hadde ein stad å bu i natt, seier operasjonsleiar Terje Magnussen.