Hopp til innhold

To gripne etter masseslagsmål i Bergen

Maskerte menn storma torsdag inn på ein utestad i Bergen sentrum, der fleire Start-supportarar var samla før kampen mellom Brann og Start. Det utvikla seg til eit masseslagsmål.

Videoen viser masseslagsmålet i Bergen sentrum.

Slåstkampen mellom to større grupperingar skal ha starta i Skipperstuen i Bergen. Politiet rykka ut etter at dei hadde fått meldingar om slagsmål mellom det ein trur kan vere fotballtilhengarar.

Det var VG som først omtalte saka. Dei fleste av dei som var innblanda skal ha forlate åstaden då politiet kom, skriv Bergens Tidende.

Fleire personar blei sett springande frå staden då politiet kom, seier operasjonsleiar Jørgen Ommedal i Vest politidistrikt til NRK.

– Ein person blei innhenta av politiet og sett i arrest. Ytterlegare ein person blei gripen utanfor Brann Stadion på bakgrunn av skildringar. Det er to menn på rundt 20 år frå bergensområdet. Begge sit no i varetekt.

Maskerte menn

Ifølge Ommedal var det ingen som kom alvorleg til skade, men ein tilsett ved utestaden er sendt til legevakta. Barsjef Kristian Belsnes på Skipperstuen seier det skjedde då ein bartender prøvde å roe gemytta.

– Då blei ho slegen ned bakfrå av nokon ho ikkje såg. Ho blei køyrd til legevakta. Etter det eg veit har ho ikkje fått alvorlege skadar reint fysisk, men ho har det ikkje så veldig bra, seier han.

Les også: En person kjørt til legevakten etter masseslagsmålet før Oslo-oppgjøret

Slagsmål ved Bislett stadion.
Slagsmål ved Bislett stadion.

Torsdag kveld var det seriekamp mellom Brann og Start i Bergen. Mange Start-supportarar var samla på Skipperstuen før kamp. Bråket skal ha starta då ein gjeng maskerte menn kom inn på puben.

– Dei gjekk rett på og storma inn. Til slutt blei det eit masseslagsmål med sikkert 30–40 stykke. Dei tok alt dei kunne finne og kasta og brukte det som slagvåpen, fortel Belsnes.

Barsjef Kristian Belsnes på Skipperstuen i Bergen

Barsjef på utestaden Skipperstuen i Bergen, Kristian Belsnes.

Foto: Brynjar Osgjerd / NRK

Redde gjestar

Belsnes var ikkje sjølv til stades då bråket starta, men kom raskt til etter å ha blitt tilkalla av dei som var på jobb.

– Då eg kom dit, var det fullt kaos. Det såg ut som ein krigssone.

Les også: Supporterbråk før Lillestrøm møtte Rosenborg på Åråsen

Han synest det er uverkeleg at noko slikt kan skje på arbeidsplassen hans, og synest det er fælt at andre gjestar hamnar mitt oppe i eit slikt bråk.

– Eldre gjestar sit her og er livredde og seier det er det verste dei har opplevd i heile sitt liv. Eg synest det er forferdeleg. At folk skal halde på slik, og la det gå ut over uskuldige, det er heilt ufatteleg.

Utestaden er no rydda og held ope utover kvelden som normalt.

Samarbeider med politiet

Leiinga i Sportsklubben Brann kallar framferda til dei involverte supporterane for forkasteleg.

– Vi er klar over at fleire av våre supportarar har vore involvert i eit slagsmål i sentrum før kampen i kveld. Vi tek fullstendig avstand frå alle typar vald og denne framferda er uakseptabel, seier dagleg leiar i Brann, Christian Kalvenes til Brann.no

Han seier klubben jobbar tett med politiet for å få ei oversikt over kva som har skjedd.

– Kva konsekvensar dette vil få for dei supporterane som er involvert, vil vi komme tilbake til når vi har fått full oversikt over situasjonen, seier han.

Fordømmer angrepet

Leiaren for Brann-bataljonen, Erlend Vågane, karakteriserer hendinga som «forferdeleg trist».

– Dette tek eg fullstendig avstand frå. Det er heilt uakseptabelt å gå til angrep på ein pub slik som dette, seier han.

styreleiar Erlend Ytre-Arne Vågane i Bataljonen, supporterklubben for SK Brann

Leiaren for Brann-bataljonen, Erlend Vågane, tek avstand frå det som truleg var ein samanstøyt mellom fotballtilhengarar i Bergen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Også leiaren for Starts supporterklubb, Tigerberget, tek avstand frå det som har skjedd torsdag.

– Det er veldig trist at ein kamp mellom to lag som ikkje høyrer heime i Obosligaen skal få ei slik opptakt. Tankane mine går også til dei som var til stades og ikkje er interesserte i fotball, og som plutseleg hamnar midt oppe i dette.