Hopp til innhold

«Har du tenkt å ta livet ditt» spurte broren. Det brutale spørsmålet redda livet til Andris

Menn er mest utsett for å døy som følgje av sjølvmord. Andris Hamre var ein av dei som vart redda av at nokon våga å spørja.

Andris Hamre er åpen om tidligere selvmordsforsøk på vedensdagen for forebygging av selvmord

MØRKE: Redninga for Andris Hamre var ei venninne og bror hans som torde å stilla dei vanskelege spørsmåla.

Foto: Jon Bolstad / NRK

I løpet av livet har Andris Hamre opplevd to gonger at det har blitt så mørkt at han vurderte å avslutta det.

Første gongen var han 19 år, og hadde akkurat lagt bak seg ei fin russetid.

– Eg hamna i eit mørke. Russetida var veldig sosial og etterpå sat eg plutseleg åleine då venner forsvann til alle kantar, fortel han.

Redninga vart ei venninne som tilfeldigvis fann nokre dikt Andris hadde skrive.

Flest menn

– Eg var ein typisk mann og var for stolt til å be om hjelp, seier Hamre.

Kvart år dør det ifølge FN 800.000 menneske som følge av sjølvmord i verda. Ein stor andel av desse er menn.

I Noreg viser årsstatistikken frå Dødsårsaksregisteret for 2020 at sjølvmord var dødsårsak for 639 personar. Av desse var 73 prosent menn.

Ifølge psykiater og professor Lars Mehlum, er det fleire årsaker til at flest menn døyr som følge av sjølvmord.

Lars Mehlum

BE OM HJELP: Psykiater Lars Mehlum seier at det er viktig å våga og be om hjelp, og om du ikkje vart høyrt første gongen, så spør igjen.

– Menn har generelt mindre kompetanse i å søka hjelp for psykiske og eksistensielle problem, og terskelen for dei å søka hjelp er høgare, seier han.

Mehlum seier sjølvmordstankar kan koma i vanskelege livssituasjonar som vanskar på jobb eller skule, eller om ein har problem med for eksempel økonomien.

– Me treng å hjelpa folk å bli betre på å takla vonde kjensler eller situasjonar som kan utløysa krisesituasjonar, seier Mehlum.

Nytt mørke

Det gjekk 20 år og Andris skildrar livet som fantastisk. Heilt til han fekk økonomiske problem.

– Eg prøvde å skjula det. Eg var ein typisk mann og prøvde å framstilla livet som vakkert og fint, seier han.

Denne gongen var det broren som vart redninga. Han byrja med å spørja om korleis det gjekk med Andris.

– Eg svarte at alt var fint, men han gav seg ikkje, fortel Andris.

«Har du tenkt å ta livet ditt?» spurde broren til slutt.

– På eit så direkte spørsmål hadde eg ikkje noko anna val enn å seie ja, fortel Andris.

Broren fekk samla familien og Andris fekk raskt hjelp av ein fastlege som tok han på alvor.

Nullvisjon

Denne veka har verdsdagen for sjølvmordsførebygging blitt markert over heile verda.

– Noko av det viktigaste me kan gjera er å fortsetta å formidla kunnskap om sjølvmord på tvers av alle samfunnssektorar, slik at alle blir bevisst at det ikkje er farleg å spørja om nokon går med sjølvmordstankar, seier Terese Grøm.

Ho er generalsekretær i LEVE, Landsforeininga for etterlatne ved sjølvmord. Dei vil ha fleire markeringar over heile landet i dag.

Terese Grøm

NULLVISJON: Generalsekretær Terese Grøm håpar regjeringa tar nullvisjonen på alvor og då det er heilt avgjerande at me får ned tala.

Foto: Assa Kooy Tveiten / LEVE

I 2020 kom det ein ny handlingsplan for førebygging av sjølvmord. Same år vedtok regjeringa ein nullvisjon for sjølvmord. Det håpar Grøm politikarane tek på alvor.

– Det er heilt avgjerande for å få ned sjølvmordstalet dei neste åra. På same måte som at dei har ei felles politisk forplikting til nullvisjon for døde i trafikken, seier ho.

Våg å spørja

Andris fortel at han i dag har eit fantastisk liv, og takkar bror sin for at han våga å stilla dei vanskelege spørsmåla.

– Då han spurde, kjende eg ein enorm lette. For han hadde sett det. Eg hadde nok ubevisst sendt ut nokre signal, men var for stolt til å be om hjelp, seier Andris.

Hans viktigaste bodskap er at folk må tora å spørja, og om ein har det vanskeleg, så må ein våga å be om hjelp.

– Ser du at ein kompis, ein venn eller ein kollega ikkje har det bra - våg å spørja. Spør om det er noko du kan hjelpa dei med, seier Andris.