Her forsvinn huset til to familiar i brannen på Sotra: – Plutseleg kom flammane

Fire personar blei evakuerte frå huset som no er brunne ned på Kårtveit på Sotra. Asle Eide rakk å få med seg to marsvin og gutungen.

Huset som brann ned på Kårtveit

HUS OVERTENT: Biletet viser korleis huset blir slukt av flammane som det første i brannen på Sotra.

Foto: Tipsbilde

Ein familie står utan barndomsheim og ein leigebuar står utan bustad etter at eit hus brann ned i grasbrannen på Sotra torsdag.

NRK har snakka med familiane som mista det første huset i den dramatiske grasbrannen i Øygarden.

Tipsbiletet viser korleis huset blir tatt av flammane. Vidare stod fleire hundre hus i Ågotnes-området i fare.

Familien som eig huset har det bra, og består av foreldra og ei dotter, seier ei anna utflytta dotter til NRK.

Foreldre med hundar blei evakuerte, mens dottera i huset var hjå vener i Bergen då brannen nærma seg huset.

– Eg har ingenting igjen

Far i familien, Jan-Ove Kårtveit, stadfester at dei har det bra.

– Vi kom oss ut i 16.30-tida, og fekk beskjed om at huset var brunne ned i 20-tida i kveld, seier han.

Kårtveit seier dei blei evakuert tidleg og rosar brannmannskapa for å prøve å redde huset.

– Ære vere dei for det. Vi er trygt ut. Vi får ta huset seinare.

– Korleis opplever du å miste huset?

– Det er så mange som vil hjelpe at eg ikkje har begynt å tenkte på det. Eg har ingenting igjen, då. Det er liksom ikkje sant, seier Kårtveit.

Familien har sjølv funne stad å sove i natt.

Gressbrannen på Øygarden

GRASBRANN: Brannen spreidde seg raskt i det tørre terrenget.

Foto: Therese Pisani / NRK

– Blei litt dramatisk

Asle Eide (48) har vore leigebuar i kjellarleilegheita i huset i 1,5 år. Han hadde sonen på 12 heime då dei blei bedne om å evakuere i 16.30-tida. Dottera på 11 år var på besøk hjå ei venninne og slapp å oppleve evakueringa.

– Det blei litt dramatisk då flammane plutseleg kom så nærme. Det gjekk litt fort i svingane då vi først måtte vekk, seier Eide til NRK.

Evakuerte med sonen

– Rakk du ta med deg noko?

– Eg tok med meg to marsvin og gutungen. Og så har eg ein arbeidsshorts og ein t-skjorte. Det er det eg har no, seier Eide.

Han henta dottera og køyrde begge barna til mora på Straume. No er han sjølv på veg til idrettshallen på Ågotnes der evakuerte er beden om å møte opp.

– Eg har mine tvil om at eg får komme heim. Huset har brunne heilt ned. Det er jo litt surt. Det er ein død ting, og det er forsikra, men det er no alle tinga og minna likevel, seier Eide.

Røylagt terreng og solnedgang i bakgrunnen i Sotra i Øygarden

– Vanskeleg å førestille seg

Han var i kveld i kontakt med eigaren som fekk stadfesta at dei ikkje lenger har eit hus å bu i.

– Det er vanskeleg å førestille seg.

Det er førebels usikkert kor han skal sove i natt.

– Eg hadde ein campingvogn. Men den har eg sikkert ikkje lenger.