To dagar på rad skjedde dette, tilfeldig meiner geolog

På kort tid har det vore to ulukker knytt til steinfall i tunnelar på Vestlandet. Det vil skje at stein fell ned i tunnelar seier Vegvesenet.

Stein fall ned i Trodaltunnelen på E39

SMADRA: Slik såg vegen ut etter at steinen på eitt tonn fall frå taket på Trodaltunnelen og traff ein bil.

Foto: MESTA

Torsdag slapp ein mann så vidt frå skrekken då ein stein på eitt tonn trefte bilen hans i Trodaltunnelen på E39 i Masfjorden.

Dette skjedde trass i at Statens vegvesen hadde inspeksjon i tunnelen tre dagar før.

Fredag kveld skjedde det ei liknande hending i Fjærlandstunnelen på riksveg 5 mellom Sunnfjord og Sogndal. Ein bil køyrde i ein stein på kring ein meter i diameter.

– Vi kjenner ikkje til den direkte årsaka, seier Sven Egil Finden i Statens vegvesen.

Sidan 2015 har Statens vegvesen jobba med oppgradering av riksvegtunnelar i heile landet, og målet er å innfri EU sine sikkerheitskrav for tunnelar.

– Det skjer av og til at det fell stein ifrå berg og fjell, både i tunnelar og utanfor. Vi reinskar og gjer sikringsarbeid, likevel vil steinar dette ned fordi fjell er i konstant bevegelse, seier Finden.

Når slike ting skjer blir det gjort vurderingar om eventuelle endringar, men Finden ser ikkje noko grunn til at folk skal kjenne på uro når dei køyrer gjennom ein tunnel.

Må ha vore tilfeldig

– Min umiddelbare tanke er at det er reint tilfeldig at desse to steinnedfalla skjedde to dagar etter kvarandre, seier geolog og dagleg leiar i Sunnfjord Geo Center, Even Vie

Han har ikkje undersøkt tunnelane sjølv, men forklarar at dei to tunnelane er langt ifrå kvarandre og har forskjellige bergtypar.

Det var heller ikkje noko ekstremvêr på tidspunktet, og at det difor må ha vore uheldige hendingar.

– Slike rashendingar skjer gjerne der det er sprekker og forvitra berg, seier Vie.

Even Vie, Geolog Sunnfjord Geo Center

KRAV: – Krava for ein tunnel innebere blant anna sprøytebetong, bolting, netting, ettersyn og kontrollrutinar, seier geolog Even Vie.

Foto: Privat

Han forklarar vidare at det er mykje av bergarten gneis på Vestlandet. Det har ein struktur som kan gi avskaling i overflata eller meir djuptgåande sprekker, og då får ein slike utfall.

På same tid spelar utforming av tunnelen ei stor rolle, men han understreka at tunnelane på Vestlandet er godt sikra og er underlagt eit streng sikkerheitsregime med mange krav.

Treng meir pengar til tunnelsikring

Tunnelane våre må sikrast betre, skriv Bergens Tidende på leiarplass etter hendingane.

– Det er skremmande at vi får to slike hendingar etter kvarandre, seier Jenny Følling (Sp) i samferdselsutvalet i Vestland og leiar av nasjonal rassikringsgruppe.

Trodaltunnelen

SMADRA: Slik såg bilen til sjåføren ut etter at han fekk ein eitt tonn tung stein på seg.

Foto: Therese Pisani / NRK

Ho meiner det er eit stort etterslep på tunnelsikring i fylke, etter EU sine sikkerheitskrav.

I Nasjonal transportplan 2022–2033 legg regjeringa opp til auka tilskot til fylkeskommunane for å ruste opp tunnelar, men Følling seier det ikkje er løyvd nok pengar til dette.

– Dette er ein vekkar for oss, og vi må sjå om vi har god nok overvaking i tunnelane når slikt kan skje, seier Følling.