Hopp til innhold

To dagar før den store dagen er det barnehagetog i Eidsgata

Som generalprøve til 17. Mai vart barnehagane i Eid i dag samla til eit tradisjonsrikt barnetog gjennom Eidsgata.

15. mai var det tid for det tradisjonsrike barnehagetoget på Nordfjordeid.

– Eg gler meg mest til å ete is, sa ein av dei heldige barnehageungane som fekk lov til å feire nasjonaldagen to dagar på forskot i dag.

Alle barnehagane i Eid kommune samla seg til ein miniatyrutgåve av det som skal skje på onsdag, og i år gjekk 352 ungar i toget. I tillegg deltok alle skulekorpsa i kommunen, og til saman betyr det at det var meir enn 700 deltakarar.

Kommunalsjef for oppvekst og kultur i Eid kommune Harald Sivertsen seier tradisjonen med barnehagetog to dagar før sjølve dagen går tilbake mange år.

– Det er eit tradisjonsrikt arrangement, det var i alle fall på plass då eg kom til bygda i 1995, men sikkert lenge før og.

Is på Eid

MYKJE IS: Etter barnehagetoget på Nordfjordeid, får ein høve til å ete like mykje is som ein kan gjere på onsdag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Veldig roleg tempo

Først og fremst er poenget at ungane skal ha det kjekt, men Sivertsen fortel at det også er ein god sjanse til å øve seg før det skikkelege toget på onsdag.

Barnehagetog på Eid

BRA OPPMØTE: 352 ungar deltok på årets barnehagetog i Eidsgata.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er eit tog der borna bestemmer tempoet i mykje større grad enn på sjølve nasjonaldagen, og det er ein fin måte å samle alle barnehageungane i kommunen.

Og det gjeld ikkje berre for ungane. Korpsa ifrå alle dei ulike bygdeskulane i kommunen er representerte i toget, og også for dei er toget eit godt høve til ein generalprøve. Og etter toget vert det sjølvsagt store mengder pølser og is.