Hopp til innhold

Lyngbrannen i Gulen er sløkt

Brannvesenet har no sløkt lyngbrannen som var ute av kontroll på Byrknesøy i Gulen. To helikopter var med på sløkkinga.

Brann Byrknesøy

SLØKT: Brannen på Byrknesøy er no sløkt.

Foto: Frode Trefall

OPPDATERING 20:33: 110-sentralen i Hordaland melder no på Twitter at brannen er sløkt. Brannhelikoptera skal no arbeide med ettersløkking og dynking av terrenget.

Torsdag ettermiddag tok det fyr i lyngen på Byrknesøy i Gulen. Brannvesenet brukte fleire timar på å få kontroll på brannen,

Brannen skal ha starta etter at ei høgspentlinje ramla ned, og seinare spreidd seg til tre stader.

Det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg til busetnad.

Ifølgje Firda skal det vere eit sprengingsuhell som førte til at høgspentlinja ramla ned. Fleire kundar på Byrknesøy er også utan straum.

To skogbrannhelikopter vart sende ut til brannen, og desse var framme kring klokka 19.

Brannsjef i Gulen Sigvald Kvinge sa til NRK klokka 19:20 at dei heldt på å sløkke, men framleis ikkje kunne seie at dei hadde kontroll på brannen.

– No har vi akkurat starta å sløkke med helikopter, så vi reknar med å få betre framdrift enn når vi berre gjekk rundt til fots, sa brannsjefen, som også opplyste at det var 20–25 mann som arbeidde med sløkkinga.

Kvinge sa at brannen gjekk mot fjellet, og at det ikkje var kritisk i forhold til busetnad. Brannsjefen sa også at dei rekna med å få kontroll på brannen i løpet av kvelden, sjølv om vinden i området kunne skapt problem.

Byrknesøya, Gulen