To bilar kolliderte – ein person er sendt til sjukehus

Ein kvinne i 60-åra er sendt til sjukehus med lettare skader etter at to bilar støytte saman på Kaupanger i ettermiddag.

Ulukke på Kaupanger

KOLLISJON: Dei to bilane støytte saman på riksveg 5 ved innkøyrsla til Vesterland Feriepark på Kaupanger.

Foto: NRK-tipsar / NRK

Politiet fekk melding om ulukka klokka 15:12 i dag. Naudetatane er på staden og det er manuell dirigering av trafikken.

– Dei tre som var i den eine bilen er uskadde, medan føraren i den andre vil bli sendt til sjukehuset i Førde for kontroll, sannsynlegvis med mindre skader, seier Wenche Hope ved operasjonssentralen i Florø.

– Har dei sagt noko om årsaka til ulukka?

– Nei, ingen av dei involverte er avhøyrde enno, seier Hope.

Akkurat no er det bilberging på staden, men politiet opplyser at vegen snart vil bli opna for fri ferdsel.

Laster kart, vennligst vent...