Hopp til innhold

To bilar involverte i trafikkulukke på E16

Tre personar er sende til sjukehuset på Voss etter ei trafikkulukke mellom to bilar på E16 i Aurland.

Køar etter ulukke på E16

KØAR: Det danna seg køar etter ulukka. Her frå Flåm.

Foto: Odd Helge Brugrand

Det er ikkje meldt om alvorleg personskade, men bilane skal ha store materielle skadar. Naudetatane rykte ut etter trafikkulukka ved Flenjatunnelen på E16 i Aurland. Meldinga om ulukka kom rundt kl. 16.

To bilar er involverte, og til saman tre personar skal ha vore i bilane. Ifølgje operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt var ingen vere fastklemde. Dei tre er sende til sjukehuset på Voss.

– Ein skal ha smerter i brystet, men det skal ikkje vere snakk om alvorleg personskade. Dei får tilsyn av helsepersonell, seier Knappen til NRK.

Bilane skal ha store materielle skadar. Det skal vere òg ein lekkasje frå ein av bilane, opplyser operasjonsleiaren. Politiet opprettar sak.

Både Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen var stengde etter ulukka,men er no opna igjen.

Flenjatunnelen

TUNNEL STENGT: Flenjatunnelen er stengt som følgje av ulukka.

Foto: MapBox