To bilar i trafikkulukke i Sogn

To bilar har vore involverte i ei trafikkulukke på fv. 55, like forbi Lustraporten på veg mot Sogndal. Det skal vere store materielle skadar på bilane, men personane i bilane verkar uskadde.

Det opplyser politiet, som fekk melding om ulukka klokka 15:10. Ulukka skjedde i ei 80-sone.

Ifølgje operasjonsleiar Knut Dahl-Mikkelsen i Vest politidistrikt var det til saman fem personar i dei to bilane. Alle har kome seg ut.

Vegen var stengd etter ulukka, og det var meldt om lange køar i området.

Rundt klokka 15:45 kunne Dahl-Mikkelsen fortelje at bilbergar var på veg til staden.

– Det skal vere litt oljesøl i vegen, så det kan ta litt tid å få rydda opp i det, seier han.

Klokka 16:20 opplyste Vegvesenet at det var manuell dirigering på ulukkesstaden.

Klokka 17:15 er vegen rydda og det er fri ferdsle forbi ulukkesstaden.