Hopp til innhold

To av tre ruter på Lavik-Oppdal er innstilte

Ladeproblem og tekniske feil gjer at både B-ruta og C-ruta samt reserveferja «MF Stord» på Lavik-Oppedal er ute av drift, det skriv Firda. C-ruta har vore innstilt sidan onsdag morgon, men vil vere i drift frå torsdag morgon. B-ruta er innstilt på grunn av ladeproblem i Lavik. Ladeboksen er i ferd med å bli reparert. Ifølgje avisa er det ikkje meldt om bilkø ved ferjesambandet.