Dommen i Sunnfjord tingrett må seiast å vere ein siger for påtalemakta. Den hovudtiltalte, Ronald Jensen, blei funnen skuldig på dei fleste punkt i tiltalen, med unntak av fire postar. Saman med ein annan bilseljar, Frode Gamlestøl, dreiv han sal av bruktimporterte bilar i Førde. Tilsaman sto dei to tiltalt for å ha svindla for 9 millionar kroner.
Ronald Jensen er i tingretten dømd for ei rekke forhold av økonomisk kriminalitet. Mellom anna for vesentlege brot på rekneskapslova under særs skjerpande omstende i dei to selskapa Bilsenteret Nye og Brukte bilar og RS Bilutleie Nye og Brukte bilar.
I tillegg kjem tre simple bedrageri i forbindelse med bilsal og dokumentfalsk med kilometerteljarar.
Jensen er derimot frifunnen på delar av tiltalen som gjeld bedrageri i forbindelse med fortolling, registrering og avgiftsberekning ved bruktimporterte bilar. Aktor hevda at Jensen har framlagt erkæringar om bilane som han visste ikkje var godkjende av vegdirekoratet, men retten fann det ikkje bevist at Jensen hadde noko med desse erklæringane å gjere.
I tillegg til fengselsstraff er Jensen frådømt retten til å drive næringsverksemd i tre år, og må betale eit erstatningskrav å fleire hundre tusen kroner, samt sakskostnader på 75.000 kroner.
Også medtiltalte Frode Gamlestøl er av retten funnen skuldig i den omfattande bilsvindelsaka. Han får ei fengselsstraff på 6 månader, kor av 90 dagar må sonast i fengsel.
Ved straffeutmålinga har retten lagt vekt på at Jensen har vore drivkrafta i verksemda tiltalene gjeld, også når det gjeld dei straffbare forholda. Gamlestøl har også samarbeidd med politiet i den seinare delen av etterforskinga.