Hopp til innhold

Går vidare med to vegløysingar

Ein ferjefri kyststamveg kan koma til å gå over Bjørnefjorden eller om Fusa.

Video d27e2373-a117-4146-8ea6-083ca9ee939a.jpg

SÅ VIDEO: Her er dei to alternativa Statens vegvesen la fram for ferjefri E 39 mellom Bergen og Aksdal.

Pressekonferanse om ny kyststamveg

NYTT FORSLAG: Vegvesenet la fram rapporten på Flesland i føremiddag.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Statens vegvesen tilrår å arbeida vidare med to løysingar for den framtidige E39 mellom Aksdal i Tysvær kommune i Rogaland og Bergen.

I føremiddag overleverte Statens vegvesen rapporten frå arbeidet med ei såkalla konseptvalugreiing (KVU) for E39 Aksdal-Bergen til statsråd Magnhild Meltveit Kleppa.

Overleveringa skjedde på ein pressekonferanse på Bergen lufthavn, Flesland.

Video Samferdsleministeren om ferjefri E39

SJÅ VIDEO: - No kan dei lokale diskusjonane starta for alvor, seier samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Eit hovudpunkt i utgreiinga har vore å sjå på korleis ein kan redusera reisetida mellom Stavanger og Bergen.

Vegvesenet har rekna ut at prisen vil variera frå tre milliardar for opprusting av dagens ferjebaserte trase til 20 milliardar kroner for det dyraste ferjefrie alternativet.

– Vi ser at det er mogleg å halvera reisetida mellom dei to byane, men desse løysingane vil og føra med seg dei største investeringskostnadane, seier Signe Eikenes, prosjektleiar for KVU E39 Aksdal-Bergen.

Les heile KVU-rapporten her

Dette er alternativa Vegvesenet har vurdert:

Alternativer E39 Aksdal-Bergen
Foto: Statens vegvesen

I rapporten tilrår Statens vegvesen å arbeide vidare med to konsept:

  • Ei midtre linje over Tysnes/Reksteren, med bru over Langenuen til Tysnes og vidare brusamband over Bjørnefjorden. Som eit første byggjesteg kan ein ha ferje frå Reksteren/Tysnes til Os. Frå Aksdal til Stord blir det lagt opp til utbetring av vegen til 2- og 3-feltsveg med midtdelar.
  • Ein indre trasé gjennom Fusa. Utbetring av vegen mellom Aksdal og Stord som over. Vidare frå Stord er det skissert bru over Langenuen og veg/tunnel på austsida av Tysnes til Stussvik og Sundvoll. Vidare frå der via Eikelandsosen og Bogsøy til Os; det vil seie kryssing av Ådlandsfjorden og Samnangerfjorden.

Det ytre konseptet, som inneber å leggja E39 via Austevoll, tilrår Vegvesenet at ein ikkje går vidare med.

Les og: Sluttar som vegsjef | Vestlandsfylka står samla i vegkamp | Ferjefritt før 2035 | Krever fortgang av kyststamveg | Vil presse fram ferjefri E39

MF "Stord" på Halhjem - Sandvikvåg

Den nye vegen skal erstatta ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg.

Foto: Lars Johan Storækre