– Eg kan ikkje forstå at dei gjer det. For det har inga hensikt. Dei prøver å få fram sitt syn, og det har dei prøvd lenge. Når det no er godkjent, kan eg ikkje skjøne at dei skal halde fram på denne måten, seier Arvid Løvik, som bur i nedre Redal, og har utsikt rett mot Engebøfjellet.
Det er tredje dagen aksjonistar har protestert mot gruvedrift og fjorddeponi i Vevring. Dei fire som aksjonerte torsdag hadde lenka seg fast til anleggsmaskiner på toppen av Engebøfjellet. Tysdag fekk 15 aksjonistar 10 000 kroner i bot kvar, og ferdselsforbod i området, for å ikkje ha retta seg etter politiet sine pålegg om å fjerne seg frå området. Også torsdag vanka det bøter.
– Det var to nye som fekk 10 000 kroner i bot i dag. Og så var det to som kom igjen for andre gong, og dei har no eit samla førelegg kvar på 20 000 kroner, fortel Gunnar Englund, som har vore innsatsleiar på staden.
– Dei burde ikkje lenke seg fast
Medan aksjonistane har karakterisert fjorddeponiet og gruveplanane som miljøkriminalitet, og noko som vil skade fjorden og livet i den for framtida, er Løvik positiv til gruveanlegget som skal starte opp.
– Eg syns det er bra. Vi må først tenkje på arbeidsplassane. Desse gruveplanane kan ikkje ha noko betydning ut over fjorden. Det er berre ei stor djup hole som ein godt kan fylle opp, meiner Løvik.
Aksjonistane på si side er klare på at deira mål framleis er å stogge prosjektet.
– Vi er ved godt mot, og er klare til å halde fram aksjonane i dagane framover. Det kjem fleire folk i morgon, seier Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom.
Ho vil ikkje seie kva aksjonar det er aktuelt å gjennomføre.
Open dialog med partane
– Natur og Ungdom ringjer oss og seier ifrå med ein gong. I dag var dei tidlegare ute enn Nordic Mining. Vi har ein tydeleg og open dialog, fortel Englund.
Han vil ikkje kommentere om dei bur seg på nye aksjonar i anleggsområdet dei komande dagane. Aksjonistane har sagt at dei vil halde fram så lenge det trengst.