– Dette er massiv aluminium, så det er kraftige klumpar vi lager.
Kurt Brun er dagleg leiar i Bfire, og viser fram deler av eit nytt operasjonsbord.
Verksemda, som ligg midt i Jostedalen i Sogn, har nett starta på skissene til heilt nye operasjonsbord.
For krava til operasjonsborda på norske sjukehus har forandra seg.
Forklaringa er enkel: Nordmenn har vorte tyngre.
– Pasientane er større rett og slett, seier Per Arne Flølo, avdelingssjef i Helse Førde.
Ved Førde sentralsjukehus skal dei bygge åtte nye operasjonsstover. Og alle treng meir solide operasjonsbord med sterkare løtftefunksjon.
– Me investerer for tjue år fram i tid, og då må me ta høgde for trendane, som er at pasientane blir større, seier Flølo.
Også ved Oslo Universitetssjukehus blir det investert i meir robuste operasjonsbord. Tidlegare skulle dei tola 135 kilo.
No skal dei tola minst 250 kilo.
7 av 10 vaksne nordmenn er overvektige
Tal frå Folkehelseinstituttet viser at gjennomsnittsvekta til den norske befolkninga i mange år har gått opp.
Ifølge Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT) er nesten 7 av 10 vaksne nordmenn nå overvektige.
I den første HUNT-undersøkinga frå 1984-86, veide deltakarane (20-100 år) i gjennomsnitt 72 kilo.
I 2017–2019 var gjennomsnittsvekta komme opp i 80 kilo.
På 70-talet hadde vi ein epidemi av hjarte- og karsjukdom i Noreg. Spesielt i Nord-Noreg døydde mange unge menn av hjarteinfarkt, men dei var ikkje overvektige.
– No har dette snudd. Færre har høgt blodtrykk og høgt kolesterol, og veldig få røyker. Men veldig mange er overvektige, uttala forskar Laila Arnesdatter Hopstock på Helgemorgon i oktober.
«Made in Jostedalen»
Attende i Jostedalen står Kurt Brun over skissene. Han peikar og forklarar kva som er viktig å tenka på når eit nytt operasjonsbord skal sjå dagens lys.
– Det er mange rørlege delar på eit operasjonsbord. Det må vera stabilt, og det må ha krefter nok til å løfta og flytta slik det skal. Då må me dimensjonera mykje opp.