Hopp til innhold

Plutseleg var bikubene til Bjarte borte – titusenvis av bier stolne på Sotra

ØYGARDEN (NRK): Nokon har stukke av med over 50.000 bier. Birøktar Bjarte Tennfjord har meld tjuveriet til politiet.

Birøkter Bjarte Tennfjord

FORTVILA: Birøktar Bjarte Tennfjord trur det er folk som er vande med bier som har vore på ferde.

Foto: Erling Johnsen / NRK

Det var laurdag den erfarne birøktaren skulle sjekke kubane sine ved Rong i Øygarden.

Her har han hatt bier i lang tid. Staden er valt fordi det er mykje lyng i området.

Men no var dei fem kubane vekke. Berre pallene sto att. Tjuvane har ikkje etterlatt seg eit einaste spor.

– Det var ei sjokkarta oppleving. Ein trur det først ikkje, seier Tennfjord til NRK.

Bikubene som er stolne frå Øygarden

STOLNE BIKUBER: Desse fem bikubene til Bjarte Tennfjord er sporlaust vekke. No har han politmeld tjuveriet, men truleg er dei vekke for godt.

Foto: Privat

– Sjokkarta

Til Vestnytt, som først skreiv om det spesielle tjuveriet, anslår han det økonomiske tapet til minst 30.000 kroner. Tennfjord held bier både for honningen og for å hjelpe fruktdyrkarar med polinering.

Kubene stod til overvintring og trengde difor ikkje sjekkast så ofte. Tennfjord seier han ikkje har sjekka kubene sidan nyttår, og det er difor vanskeleg å seie når bikubene forsvann.

Men tjuveri har han iallefall ikkje opplevd før og no har han mista delar av biinntekta.

– Dette må vere folk som veit korleis ein skal behandle bier. Ein må sikre seg at kuben er forsvarleg lukka og at den ikkje fell frå kvarandre slik at biene kjem ut.

Mellom 10.000 og 20.000 bier bur i kvar kube.

Tjuvar har stole fem bikuber i Øygarden.

SJÅ VIDEO: Det er usikkert når bikubene til Bjarte Tennfjord forsvann.

Ikkje prioritert hjå politiet

Sjølv om Tennfjord har meldt tjuveriet, gjev ikkje politiet birøktaren store håp om å få biene tilbake.

– Sjølv om det er snakk om betydelege verdier vert saka truleg henlagt når det det korkje er spor eller mistenkte, er den kontante tilbakemeldinga frå lensmann Torbjørn Mørk i Askøy og Øygarden.

Han legg til at han ikkje har etterforskarar med stor kunnskap om tjuveri av bier, og at dei ikkje har høyrd om liknande tjuveri tidlegare.

til Torbjørn Mørk, fungerende lensmann for Sotra, Askøy og Øygarden.

IKKJE HØYRD OM LIKNANDE: Lensmann Torbjørn Mørk har korkje spor eller mistenkte etter det spesielle tjuveriet hjå Bjarte Tennfjord.

Foto: Sissel Rikheim / NRK