Titusenar av nordmenn må framleis lesa av straumen manuelt

Mange norske straumkundar må sjekka sikringsskapet kvar månad, sjølv om dei betalar for «smarte straummålarar». Hovudårsaka er dårleg mobildekning.

Utskifting av strømmåler.

FUNGERER IKKJE SOM DEI SKAL: Nesten 3,2 millionar nordmenn har «smarte straummålarar», men 170.000 av dei fungerer ikkje som dei skal.

Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

– Eg skjønar godt at mange kunne tenka seg å sleppa å senda den SMS-en eller logga seg inn på nettet. Samtidig er jo dette noko vi som nordmenn har gjort i årevis, seier kommunikasjonsrådgjevar Geir Holen i straumselskapet BKK.

– Men vi skulle sjølvsagt ha ønska at dette var ein situasjon vi var forutan. Dette er noko kundane har betalt for å sleppa, så me beklagar.

Kvar månad må 8200 av kundane til BKK opna sikringsskapet og lesa av straumforbruket sitt, sjølv om selskapet har montert «avansert måle- og styringssystem» (AMS) hos dei.

Slike «smarte straummålarar» har vore eit krav sidan 1. januar 2019. Dermed skulle straumforbruket bli automatisk registrert for kvar einaste time i døgeret, heile året.

Smarte strømmålere

SMART STRAUM: Målarane skal gjere kraftsystemet meir effektivt, men mange kundar får ikkje det dei har betalt for.

Foto: Silje Kolaas / NRK

Dårleg mobildekning

Problemet har straumselskapet visst om lenge – men lite har skjedd.

I fjor haust hadde 8500 BKK-kundar AMS-målarar som ikkje klarte å senda måledata automatisk. Eitt år seinare er talet berre gått marginalt ned, til 8200.

– Vi har løyst nokre av dei, og så har det kome fleire til, seier Holen.

BKK har montert om lag 210.000 smarte straummålarar. Det vil seia at det berre er litt under fire prosent av kundane som framleis må lesa av manuelt og senda inn svaret på gamlemåten.

– Hovudårsaka er for dårleg mobildekning, anten i bustad- eller hytteområdet. Men så må me også ha god nok mobildekning heilt inn til der straumskapet står, og det er jo ofte i kjellaren. Difor må montørane ut til kvar enkelt for å sjå dekninga og eventuelt montera forsterka antenne på straummålaren.

– Betyr det at de ikkje sjekka mobildekninga då målarane vart monterte?

– Då straummålarane vart monterte første gong, vart det gjort ei heilt standard montering. Så går det litt tid før me ser om me får gode nok signal over tid, seier Holen.

167.000 fungerer ikkje som dei skal

Statistikk frå Elhub, eit underselskap av Statnett, viser at nesten 3,2 millionar norske straumkundar no har fått smarte straummålarar. Berre eit par prosent er utan.

Men 167.000 av målarane sender ikkje inn timedata, slik dei ifølge krava skal gjera etter 30 dagar. Desse får Elhub målingar frå berre éin gong i månaden.

Elhub har ikkje gode nok data til å kunna slå fast at alle desse månadsmålingane blir sendt inn manuelt. Men dei stadfestar at dei fleste nettselskap har hatt problem med dårleg mobildekning til AMS-målarar.

– Det er ein utfordring alle har hatt, meir eller mindre, seier dagleg leiar Tor Bjarne Heiberg.

Guro Grøtterud

HAR IKKJE STATISTIKK: Seksjonssjef Guro Grøtterud i Noregs vassdrags- og energidirektorat seier dei manglar statistikk på nye AMS-målarar som vert montert.

Foto: stst@nve.no / NVE

Titusenar

Det finst godt over 100 nettselskap i Noreg. NRK har henta inn ferske tal frå nokre av dei største. Dei indikerer tydeleg at det samla er fleire titusenar norske straumkundar som framleis må lesa av straumen manuelt.

Hafslund Nett opplyser at dei har installert 742.000 AMS-målarar. Kring 1500 kundar må ufrivillig lesa av straumen sjølve fordi den automatiske avlesinga ikkje fungerer. 5000 kundar som skal ha AMS-målar, har enno ikkje fått det.

Lyse Elnett har installert 150.919 AMS-målarar. 2209 målarar er ikkje AMS-målarar.

– Ifølge informasjon eg har fått, skal dette talet også inkludera målarar med lågt og føreseieleg forbruk, som er unnateke plikt om installering av AMS, skriv kommunikasjonssjef Ingvild Ween.

Agder Energi opplyser at dei har installert 196.210 AMS-målarar. Det er enno ikkje er på plass hos 3704 som skal få det.

– Det talet inkluderer også kundar som ikkje ønsker AMS-målar, seier seksjonsleiar Ole-Herman Aas Cappelen.

Han seier det er få av deira kundar med AMS-målar som må lesa av straumen sjølve.

– Me har ikkje store problem med kommunikasjonen. Om eg skal skyta frå hofta, ville eg sagt 50, seier Cappelen.

Tensio (Tidlegare TrønderEnergi og NTE) har innstallert kring 230.000 AMS-målarar. Per 26.november 2019 måtte i underkant av 5.000 av desse lesast av manuelt.

Betalar for noko dei ikkje får

Kostnaden for innføring av AMS betalar kundane gjennom auka nettleige. BKK vedgår at dei krev nettleige for ei teneste som over 8000 kundar ikkje får.

– Det er heilt riktig. Men der er me på veg ut for å løysa problemet slik at det skal fungera, seier Holen.

– Når skal det vera på plass?

– Eg skal vera veldig forsiktig med å binda meg til masta på kor lang tid det vil ta å retta opp hos alle, seier Holen.

NVE seier AMS-målarane er ei viktig modernisering av kraftsystemet, og at det er eit mål at alle norske straumkundar skal få automatisk avlesing.

– Nettselskapa kan bruka informasjonen frå målarane til å drifta kraftsystemet på ein betre og meir effektiv måte, seier seksjonssjef Guro Grøtterud.