Hopp til innhold

Tips til politiet: Unge jenter blir seksuelt utnytta - får merkeklede i betaling

LAGUNEN (NRK): Ungdommar gjev vekk dyre jakker i bytte mot utnytting av yngre jenter heilt ned i barneskulealder. Det går fram av tips som politiet Bergen har motteke. – Dette er ein katastrofe for dei jentene det gjeld, meiner justisministeren.

Lagunen storsenter i Bergen.

FANA: Her i Fana bydel jobbar politiet no med fleire tips om problematikken.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

NRK presiserer: Vi har gjort endringar i denne saka om korleis vi sjølve omtaler "byte av seksuelle tenester", til meir å omtale det som utnytting. Dette på grunn av deira unge alder.

– Vi har fått tre tips i løpet av dei to siste vekene om at unge jenter byter seksuelle tenester mot dyre merkeklede, stadfestar Torgils Lutro, stasjonssjef ved Bergen sør politistasjon.

Det var BA som fyrst fortalde om opplysningane, som kom fram på eit foreldremøte for foreldre i bydelane Fana og Ytrebygda torsdag kveld.

Ei mor spurde ifølgje avisa om politiet kjente til rykte om at unge jenter blei utnytta seksuelt i bytte mot dyre jakker. Det svarte politiet ja på.

Tipsarane skal sjølv ikkje ha sett noko, men har høyrt om at bytehandlane skal ha skjedd. Politiet understrekar at dei ikkje veit om rykta stemmer.

– Men vi må uansett agere når vi får så alvorlege tips, seier Lutro.

Til BT seier Lutro at tipsa går på at det er eldre ungdommar som kjøper.

Den tidlegare Skeidar-butikken ved Lagunen i Bergen

BYTE: Utnyttinga av dei unge jentene ha skjedd bak dette bygget ved Lagunen i Bergen, ifølgje opplysningar Bergensavisen har fått.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

– Ei katastrofe for barna

Justisminister Monica Mæland (H) deltok på møtet, som var i regi av Fana Høyre. Ho er forferda over rykta.

– Dette er heilt forferdeleg og ei katastrofe for dei jentene det gjeld.

Mæland seier ho har høyrt om liknande hendingar i Oslo. Ho håper politi og andre hjelpeinstansar i Fana no greier å få bukt med problemet.

– For slike tilstandar skal vi ikkje ha nokon stader.

Justisministeren understrekar at ho har stor tillit til jobben politiet i Fana gjer, og at det no er viktig å at dei satsar på førebygging.

– Slike hendingar av seksuell art skal ingen barn utsettast for eller utsetje seg sjølv for. Så dette må vi ta på veldig stort alvor.

Justisminister Monica Mæland (H) møtte politi og foreldre i Bergen.

REAGERER: Justisminister Monica Mæland (H) møtte denne veka både politi og foreldre i Bergen.

Foto: Paul Andre Sommerfeldt / NRK

Rektor overraska

Politiet har delt informasjonen om tipsa med både barnevern og skular i området.

Trude Halland Wedervang er rektor på Ulsmåg skole der foreldremøtet blei arrangert. Ho hadde ikkje høyrt rykta før dei blei tatt opp på møtet, og blei veldig overraska.

– Eg synest det er heilt forferdeleg om dette er tilfelle.

Rektoren meiner merkepresset på barneskulen ikkje er spesielt stort. Ho har fredag snakka med elevar på sjuande trinn som også er overraska over opplysningane.

– Men vi skal ikkje vere naive og tru at det ikkje skjer.

Elevrådsleiar ved Nordal Grieg vidaregåande skule, Fredrik Hajian

PRESS: Elevrådsleiar Fredrik Hajian seier mange ungdommar kjenner på eit press om å ha dei rette kleda.– Ein har lyst til å kjenne seg som alle andre.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

Stort merkepress

Elevrådsleiar ved Nordal Grieg vidaregåande skule, Fredrik Hajian, derimot, seier merkepresset blant ungdom i bydelen er eit problem.

– Det er veldig mange som har lyst på dei same tinga, særleg i vintersesongen, og kleda er ofte veldig dyre.

Han har sjølv ikkje høyrt om at jenter blir utnyttafor slike klede. Men elevrådsleiaren meiner klespresset er større i bydelen enn andre stader i Bergen.

Han håper nå på ei endring i ungdomskulturen.

– Eg trur dette får folk til å opne auga litt, seier Hajian.