Med tinglysing meiner ein registrering hjå sorenskrivar av eigarforhold eller endringar på ein eigendom.
Oslo tingrett stengjer dørene til tinglysingskontoret i mai.
30 treng hjelp kvar dag
Ved tinglysingskontoret til Midhordland tingrett er 20-30 personar innom for å få hjelp kvar einaste dag.
For å tinglysa i fast eigedom kan vera ein komplisert sak. Til no har ein altså fått hjelp ved den lokale tingretten.
Men no blir all informasjon om fast eigedom i landet samla på ein stad, og Statens Kartverk overtek alt ansvar for tinglysing.
- Tap for privatpersonar
Sorenskrivar i Midhordland og Nordhordland Tingrett, Mette Cecilie Greve, meiner privatpersonar vil tapa på dette.
- No kjem ikkje folk til å få same gode rettleiinga som dei fekk før, meiner ho.
Nytt kundesenter i Ullensvang
Har ein spørsmål om tinglysing, skal eit nytt kundesenter i Ullensvang gje svar på telefon. Og informasjon om tinglysing finn ein på kartverkets nettsider
- Me vil gje betre informasjon om tinglysing i førekant. Då slepp ein alle desse problema i sjølve prosessen, fortel tinglysingsdirektør Anne Cathrine Frøstrup.
- Dyrare ordning
Men sorenskrivar Greve trur likevel tinglysing vil bli både vanskelegare og dyrare for mange.
- Eg trur det blir meir komplisert og ein større utfordring for privatpersonar. Mange kjem nok til å føla seg tvungne til å gå til advokat for å få den hjelpa dei treng, og det vil jo fordyra prosessen, seier ho.