Hopp til innhold

Timar med analyse førte til gull

OSLO (NRK): Vidar Vie og resten av støtteapparatet til Førde studerte cupfinalemotstandar NTNUI i timevis. Dermed kunne champagnen sprettast på rom 1717 på Oslo Plaza.

Champagnekorkane gjekk i taket på rom 1717 på Oslo Plaza.

ENDELEG: Støtteapparatet la ned timevis med analysar, og spelarane gjorde jobben på bana. Dermed kunne champagnen sprettast. (FOTO/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

Førde visste nøyaktig kva som venta då dei entra Domus Athletica. Og følgte planen.

– Fantastisk. Dette er idrettsglede og ein god lagsiger. Vi jobba knallhardt, var strukturerte og hadde lagt ein god plan, jublar Lars Fredrik Tvinde.

Avgjerande blokking

Lars Fredrik Tvinde

JUBEL: Lars Fredrik Tvinde (i midten) er ikkje i tvil om at grundige analysar av NTNUI vart avgjerande for at cupgullet hamna i Sunnfjord.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Førde kom seint i gang i cupfinalen mot trønderlaget, men trekte det lengste strået. Og kunne motta kongepokalen for tredje gang i klubbhistoria.

Eliteseriens store poengsankar, Sigurd van Dijk Festøy, fekk ikkje herje slik mange frykta.

– Vi sette opp utruleg gode blokker. Det var veldig viktig. Eg har aldri sett eit Førde-lag blokke slik, seier Tvinde og legg til:

Energi i laget

Vidar Vie og Jan Egil Tvinde

NØYE: Vidar Vie (i midten) har ikkje tal på kor mange timar han brukte på analysere NTNUI.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Gode blokker er avgjerande. Mot store karar som Siguard Festøy hjelp det ikkje med dårlege blokker. Då får du juling. Set du han under press nesten kvar gong, så blir det tungt til slutt.

– Når forstod du at det gjekk vegen?

– Eg hadde ei god kjensle undervegs. Det var mykje energi i laget og vi produserte god volleyball. Eg vart litt i tvil på slutten, men då Mathias fekk inn siste blokka, då visste eg at det ville gå.

Kommunikasjonssvikt

Tredje sett vart vel spennande, der laga veksla på å ha matchball.

– Det var litt kommunikasjonssvikt. Mykje støy og skrik til kvarandre, men høyrer ikkje. Då skjer slikt i jamne sett. Det er noko vi må jobbe med, seier Tvinde.

Styremedlem Jan Ove Hafstad var vel nøgd. For ti år sidan sette klubben seg mål om suksess i både cup, serie og nordisk liga. Dei måla nådde dei på rekordfart.

Når måla igjen

Etter eit år med sportsleg nedtur, sette klubben seg nye mål og henta heim utanlandsproffane Tvinde og Mathias Loftesnes. Allereie er klubben på veg til å nå også desse måla.

– No står serien att, og også der ligg vi godt an. Vi sa i sommar at vi skulle ta medalje. Vi er nummer to. Så sa vi at vi skulle til Oslo. No står vi her som Noregsmeistrar. Og vi har delte i Nordisk Meisterskap. Så no må vi setje oss nye mål, seier han.

– Kvifor lukkast Førde med å nå måla sine så raskt?

– Det ser du her ute. Takk til Førde. Takk til alle som kan skape ein fest som dette med slik energi. Treningskulturen er unik. Det fører oss fram til NM.