Hopp til innhold

Tiltalte: «Kva er det eg har gjort. Eg har tatt livet av to damer»

SOGN OG FJORDANE TINGRETT (NRK): I minuttane etter at han køyrde i hel to kvinner, fortalde mannen fleire vitne at han sovna bak rattet.

Statsadvokat Kristine Herrebrøden i Sogn og Fjordane tingrett 26. februar 2020.

TRUR MANNEN SOVNA: Statsadvokat Kristine Herrebrøden har kalla inn om lag 15 vitne i bildrapssaka.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er opp til retten å vurdere bevisa, men frå påtalemakta si side har det relevans at han har forklart til ei rekke personar at han sovna bak rattet, seier statsadvokat

Dei to venninne var ute og gjekk på romjulstur 3. juledag i 2018, då ein mann mista kontroll over bilen og køyrde på dei.

Denne veka møter han i Sogn og Fjordane tingrett, tiltalt for dobbelt bildrap og køyring i rusa tilstand.

Fleire vitne fortalde onsdag om det dei såg og opplevde då dei kom til ulukkesstaden. Først på åstaden var ei eldre kvinne og mannen hennar.

Dei skulle på familiebesøk, men i løpet av sekund blei alt endra til eit kaos.

Erfaren helsearbeidar

– Det er det verste eg har vore med på, sa kvinna i politiavhøyret etter ulukka. Avhøyret blei onsdag spelt av for den tiltalte og dei andre i tingretten.

Statsadvokat Kristine Herrebrøden sa til retten at kvinna i heile sitt yrkesaktive liv har jobba på sjukehuset på Nordfjordeid, blant anna med operasjonar.

– Eg har vore med på mykje av godt og gale i mitt liv, men dette er det verste, sa kvinna i opptaket som retten fekk høyre.

Den tiltalte nordfjordingen nektar straffskuld for bildrap og hevdar at han ikkje hugsar noko frå sjølve ulukka.

Han meiner også at det er tvil om at han sovna før ulukka, og at det kan vere andre forklaringar som at han kan ha fått eit illebefinnande.

– Sa at han hadde sovna

Men vitna som forklarte seg i dag er ikkje i tvil om at han fortalde dei at han sovna bak rattet.

– Eg spurte korleis han hadde det. Han sa veldig mange gonger at han hadde sovna. Han var i sjokk og blødde frå hovudet, fortalde ei kvinne i 30-åra som til åstaden få minutt etter ulukka.

Ein mann i 60-åra, som bur i Kjølsdalen, kom også raskt til staden. Han hadde køyrd eit familiemedlem inn til Nordfjordeid og var på veg heim med barnebarnet sitt i bilen.

– Eg såg at det stod ein bil på gangvegen og forstod at det hadde skjedd noko veldig alvorleg. Så gjekk eg mot bilen og møter ein vaksen mann, som seier meir eller mindre ordrett «Eg sovna og køyrde på dei».

Mannen fortalde vidare at han kjende begge dei to kvinnene som døydde og at det har vore tøft i ettertid å miste nokon av innbyggjarane i bygda på ein slik tragisk måte.

Lys på ulykkesstad, Kjølsdalen i Eid

DJUP SORG: Dei to kvinnene frå Kjølsdalen var ute og gjekk tur då ulukka skjedde.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes

Prøvde livreddande førstehjelp

Ettersom minuttane gjekk etter ulukka, kom fleire og fleire privatpersonar til staden. Mannen og ein ungdom starta forsøk på gjenoppliving av den eine kvinna.

– Vi byrja med livredning. Han var flink med kompresjon, eg låg på kne og blåste i munnen hennar. Vi fekk ikkje respons, vi kom ikkje nokon veg.

Ein annan mann frå bygda, også han i 60-åra, fortel at han kom til staden og tok seg av sjåføren, som no er tiltalt.

– Eg tok han inn i bilen min og prøvde å snakke med han. Han nemnde at han hadde sovna og ikkje visste nokon ting. Det einaste han sa til meg var «Kva er det eg har gjort. Eg har tatt livet av to damer».