– Å truge vitne i ei straffesak er svært alvorleg og har ei straffesramma på inntil 10 år, seier politijurist Knut Broberg.
Tiltalt for brann hjå lensmannen
Mannen står for tida tiltalt i Sunnfjord tingrett – blant anna for å ha sett på brann i garasjen til lensmannen i Gaular for to år sidan. Han er også tiltalt for trugsmål.
Kva han konkret gjorde tysdags kveld og som førde til at politiet rykte ut og arresterte han, vil ikkje Broberg seie ut over at han har truga personar som skal vitne i den pågåande straffesaka.
Krav om varetekt
Mannen i 40-åra blir klokka 0900 i dag framstilt for varetektsfengsling. Broberg seier han kjem til å krevje fire veker på grunn av faren for gjentaking.
Mørketal
Det er ikkje ofte at folk blir tiltalt for å ha truga vitne, men Broberg fryktar at det er store mørketal.
– Eg trur ikkje det er så veldig uvanleg at folk blir utsett for trugsmål før dei skal møte i retten. Men det er heller sjeldan at det kjem fram i lyset, og det er nettopp difor denne straffebestemmelsen er innført, seier Broberg.