Hopp til innhold

Tiltalt fotballdommar i retten: – Eg ser no at det var riv, ruskande gale

BERGEN TINGRETT (NRK): 29-åring seier han skammar seg over det han gjorde med yngre gutar på Skype og Snapchat.

Tom tiltalteboks i Bergen tingrett

TILTALT: Her sat den 29 år gamle mannen og fortalde om utnytting og misbruk av fleire unge gutar.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

– Eg skammar meg veldig over det som har skjedd.

Slik beklaga den 29 år gamle fotballdommaren i Bergen seg då rettssaka mot han starta i dag.

Den omfattande overgrepssaka i Bergen tingrett handlar om overgrep og loggar frå Skype og Snapchat.

Her har den 29 år gamle dommaren innrømma ei rekkje tilfelle av seksuelle overgrep mot unge gutar.

Den tiltalte sat med hovudet i henda då aktor Christine Møen Wisløff gjekk gjennom samtalene mellom mannen og fleire av dei fornærma.

Samtalene var seksualiserte, og inneheldt nakenbilete og -video, og seksuelle fantasiar.

– Eg kan ikkje fatte korleis eg har latt dette få skje. Eg burde vore vaksen, og sagt at eg ikkje kunne vore med på det. Eller endå betre, å gjere noko for aldri hamne i den situasjonen, sa han.

Sentrale roller i NFF

Den 29 år gamle idrettsdommaren er tiltalt på tolv punkt av ulike seksuelle overgrep og misbruk.

Totalt er det 27 fornærma i saka. Fleire av dei fornærma er knytte til fotball- og handballmiljø i bergensområdet.

29-åringen hadde sentrale roller i NFF Hordaland, mellom anna knytt til administrasjonen av dommarar. Tiltalte hadde vore med på å rangere dommarar, der han kom med forslag til om dommarar skulle flyttast opp eller ned divisjonar.

I Bergen tingrett måndag erkjente han straffskuld på ti av dei tolv punkta.

Han nektar straffskuld for å ha betalt ein 16 år gamal gut for ei seksuell teneste. Han nektar òg for skuldinga om forsøk på seksuell omgang med to gutar mellom 14 og 16 år.

Fasaden til Brann stadion og Idrettens hus i Bergen

VARSEL: NFF fekk varsel om 29-åringen i 2018 her på Idrettens Hus i Bergen.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Angrar og skammar seg

Eit av forholda gjeld seksuell omgang med ein mindreårig gut når tiltalte sjølv var 23 år. Mannen møtte guten på ein nettstad, og etablerte eit tillitsforhold med han.

Dei avtalte å møtast heime hos tiltalte, der dei hadde sex etter forslag frå mannen.

– Eg har frykteleg vondt av det han har gjennomgått, sa mannen.

Andre forhold dreier seg om seksualiserte Skype-samtalar med mindreårige gutar.

I éin samtale instruerte mannen ein 15 år gamal gut til å utføre seksuelle handlingar på seg sjølv, medan guten dusja og var på Skype med tiltalte.

– Eg oppfatta at begge var interessert i det. Han ønska at eg skulle seie til han kva han skulle gjere, mens han var i dusjen. Det var eg med på, sa tiltalte i retten.

Tiltalte fortalde at han ikkje kan ha tenkt klart, og at angrar og skammar seg.

– Eg ser no at det som har skjedd er riv ruskande gale.

Christine Møen Wisløff

AKTOR: Christine Møen Wisløff er aktor i saka.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

– Skremd

Det eldste forholdet mannen er tiltalt for skal ha skjedd i 2010. Mannen skal ha chatta med ein 12 år gamal gut som oppheldt seg i Canada, som han møtte på nettstaden Chatroulette.

I retten forklarte 29-åringen at han ikkje hugsa episoden, eller kva han skreiv til guten.

Han vedgjekk likevel at det blei send frå Skype-kontoen hans, og at han ikkje hadde noko grunn til å tru at nokon andre hadde send det.

– I mangel på betre ord er eg skremd av det som står der, og at eg skal ha skrive dette. Det er på ingen måte greitt, det som står der.

Første varsel i 2018

Sidan mannen har erkjent dei fleste punkta, går saka utan vitne.

Fleire av tiltalepunkta har ei strafferamme på seks år. Mannen har sete i varetekt sidan han blei pågripen i fjor sommar.

Det skjedde etter at det første varselet mot mannen kom i 2018. I retten forklarte han at konsekvensen av dette blei at han mista ei dommargruppe han leia.

Politiadvokat Christine Møen Wisløff og etterforskningsleder Andreas Lervik på politiets pressekonferanse 15. august 2019.

STOR SAK: Politiadvokat Christine Møen Wisløff og etterforskningsleiar Andreas Lervik i Vest politidistrikt informerte om saka på ein pressekonferanse på politihuset i Bergen 15. august i fjor.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Som NRK har skrive tidlegare, fekk ikkje klubben han representerte beskjed om varselet.

– Klubben vår er ein barneidrettsklubb. Vi fekk ikkje så mykje som eit lite signal om at vi måtte passe litt ekstra på, og dette fekk halde på i ytterlegare eit år. Eg synest det er skremmande, sa styreleiaren i klubben til NRK måndag.

Klubben fekk først vite om varslar mot mannen etter han blei pågripen i juli 2019.

Då var han allereie blitt samd med Hordaland fotballkrets om å avslutte arbeidsforholdet, forklarte han i retten. Dette var på bakgrunn av bekymringssamtalar etter varslar.