Tiltalt for valdtekt av barn

Ein mann i 20-åra er av Statsadvokaten i Hordaland og Sogn og Fjordane tiltalt for valdtekt av barn under 14 år. Frå hausten 2018 til våren 2019 hadde han ved fleire høve seksuell omgang med jenta. Han er óg tiltalt for å ha fått jenta til å utføra handlingar som svarar til seksuell omgang på seg sjølv, i tillegg til å ha skaffa seg bilete med framstilling som seksualiserte barn. Mannen, som bur i Hordaland, har også utvist krenkande åtferd mot barn ved å utveksla meldingar med seksuelt innhald med jenta.