Tiltalt for overgrep på Snapchat

Ein mann i 30-åra er tiltalt i Sogn og Fjordane tingrett for overgrep mot barn mellom 14 og 16 år. I 2018 skal han på Snapchat ha fått ei jente til å utføre seksuelle handlingar. Hjå mannen har politiet funne 533 overgrepsbilete og -videoar.