Hopp til innhold

Tiltalt for overgrep på internett

Ein mann i 20-åra frå Sogn og Fjordane er tiltalt for fleire seksuelle overgrep mot ei 14 år gamal jente frå Hordaland.

– Han har fått eit barn under 16 år til å utføre seksuelle handlingar med seg sjølv via internett, seier politiadvokat Knut Broberg.

Saka skal opp i Fjordane tingrett i byrjinga av mars. Politiadvokaten vil ikkje førehandsprosedere ei eventuell straff, men ser på saka som svært alvorleg.

Naken framfor webkamera

Mannen bad jenta posere og om å gjere seksuelle handlingar framfor webkamera. Han bad henne også sende fleire bilete av seg, der ho var naken og i ulike stillingar. Desse bileta fann politiet på datamaskina hans.

Politiadvokat Knut Broberg.

Politiadvokat Knut Broberg

Foto: NRK

– Vi har tatt beslag i ein del bilete av jenta som er å ansjå som straffbare fordi dei viser barn i seksualiserte forhold, seier Broberg.

Mannen var klar over alderen til jenta. Broberg seier dette er ei uvanleg overgrepssak som skal opp i tingretten.

Foreldra varsla

Dei to møtte kvarandre på chatteprogrammet MSN Messenger, men etterkvart oppdaga foreldra at chattinga hadde utvikla seg og gjekk til politiet.

– Ein av foreldra oppdaga kva som hadde skjedd og kva slags kontakt barnet hadde hatt med denne mannen via internett. Dei tok då kontakt med politiet, seier Broberg.

Broberg seier at overgrep over internett kan medføre psykiske problem på lik linje med eit fysisk overgrep.

– Etterreaksjonar

Walter Høivik.

Forsvarar Walter Høivik

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Den som er involvert får gjerne etterreaksjonar. Dei er gjerne med på det frivillig, og blir ikkje klar over at dei i realiteten er utsett for overgrep før i ettertid, seier Broberg.

Forsvararen til mannen, Walter Høivik, seier at han ikkje har fått saksdokumenta frå politiet og at han difor ikkje kan kommentere saka.