Tiltalt for overgrep mot mindreårige

Mannen i 30-åra er tiltalt for å ha masturbert framfor webcamera og lasta ned overgrepsbilete mot barn frå nettet.

rettsal

TIL RETTEN: Saka skal opp i Fjordane tingrett 9. og 10.mars

Foto: Oddleif Løset / NRK

Over ein periode på halvanna år frå 2008-2010 skal nordfjordingen ha utført seksuelt krenkjande handlingar overfor to mindreårige i følgje tiltalen. Jentene var begge 14 år gamle då kontakten starta.

Skal ha nytta webcamera

I tiltalen står det at mannen masturberte framfor webcamera medan dei to jentene såg på. Nordfjordingen skal også ha bede jentene utføra seksuelle handlingar overfor han via webcamera.

Vidare står det at skal ha formidla til jentene at han likar å ha sex med born.

For desse handlingane står mannen i 30-åra tiltalt for brot på tre punkt i straffelova.

Gjorde beslag av overgrepsbilete

I tillegg er det gjort beslag av 400 overgrepsbilete og 200 overgrepsvideoar mot barn på datamaskinene til mannen.

Han skal også ha prøvd å lasta ned ytterlegare 200 overgrepsvideoar, står det i tiltalen.

For desse handlingane er mannen tiltalt på to punkt i straffelova.

Hovudforhandlingane i saka går ved Fjordane tingrett 9. og 10.mars 2011.