Hopp til innhold

Tiltalt for knivdrap på ukrainsk flyktning

Ein 40 år gamal mann er tiltalt for å ha drepe ei 31 år gamal ukrainsk kvinne med kniv på Magic Hotel i Bergen i juli i fjor.

Mannen og kvinna kom til Noreg frå Ukraina tidleg i 2023 saman med sonen sin. Dei to var gift, men hadde starta ein separasjonsprosess.

Mannen innrømmer straffskuld for drap. Det er sett av seks dagar til saka i Hordaland tingrett.

Magic Hotell blei brukt som asylmottak då drapet skjedde.