Det var i mai i 2003 at bubilen familifaren frå Vågsøy køyrde var innblanda i ein kraftig kollisjon ved Stange i Hedmark. Bilen kom over i feil køyrebane og trefte autovernet før den frontkolliderte med ein møtande tankbil.
Ni personar innblanda i ulukka
I bubilen sat tre generasjonar frå Vågsøy. Den 34 år gamle mora i familien døydde på Ullevål sjukehus av skadene frå ulukka. Sonen på 12 år omkom momentant. Også fem andre av familien i bubilen fekk alvorlege eller lettare skader. Føraren av tankbilen som kom imot og ein person i ein bil som kom bak, vart også skadde.
Manglande merksemd
Fjordenes Tidende skriv i dag at politiet meiner mannen som køyrde bilen handla aktlaust, og at det var manglande merksemd som gjorde at bubilen kom over i feil køyrebane. Statsadvokat Ole Bjarne Hagen i Hedmark og Oppland har på bakgrunn av dette tatt ut tiltale etter den såkalla bildrapsparagrafen.
Rettssaka mot mannen skal vere i Hedemarken tingrett på Hamar 21. og 22. april.