Hopp til innhold

Tiltalt for å ha chatta om seksuelle overgrep mot barn gjennom ti år

Ein mann er tiltalt for å ha chatta om seksuelle overgrep mot barn. Politiet meiner dette har gått føre seg i ti år.

Illustrasjonsbilete

ILLUSTRASJONSBILETE: Ifølge tiltalen skal mannen ha chatta om overgrep mot barn gjennom ein tiårsperiode.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Det å chatte om seksuelle overgrep mot barn er straffbart, fordi det har eit stort skadepotensial, seier politiadvokat Kristine Bu.

Mannen vart først identifisert i politiet sitt arbeid med ei anna sak. Der meiner politiet han var deltakar i ein chat der det vart snakka om seksuelle overgrep av barn.

– Slike samtalar kan vere med på å normalisere denne typen tankar. Det er også ein risiko for at denne typen skildringar kan fungere som triggerar, seier Bu, og held fram:

– Vi ser derfor alvorleg på denne typen forhold.

Ifølge tiltalen har han ved minst seks høve chatta med andre om overgrep. Det går ikkje fram av tiltalen kven chatte-partnarane er, men fleire av dei er namngjevne med kallenamn og påståtte aldrar under 15 år.

Ti år

Politiet meiner mannen har drive med slike samtalar over ein periode på ti år.

– Vi har gått gjennom den tiltalte sin PC. Der er det gjort funn av Skype-samtalar, bilete og videomateriale. Dette er bakgrunnen for tiltalen, seier Bu.

I chat-samtalane skal den tiltalte ha skildra svært grove overgrep mot barn så unge som fem år. Fleire av samtalepartnarane er påstått å vere andre vaksne, og tiltalte har i desse samtalane snakka med dei om seksuelle overgrep av barna deira.

Mannen må møte i Sogn og Fjordane tingrett i oktober, og det er sett av to dagar til saka. Strafferamma er fengsel i inntil tre år.

Forsvarar til mannen, Robert Fonn, seier at mannen erkjenner chattinga, men at han ikkje hadde nokon tanke om å utføre overgrep.

Tiltalte vart varetektsfengsla i fire veker etter han vart pågripen, men er no lauslaten.