Hopp til innhold

Tilstår drapet på Sofie (20): – Eg likte henne meir enn nokon andre

Dei var barndomsvenner, og hadde akkurat flytta til Bergen for å studere. No er han tiltalt for drap, og deretter seksuelt misbruk.

Drap Eidsvåg Sofie

DREPEN: I dette huset i Eidsvåg i Bergen blei Sofie Vu Nguyen (20) funnen død. Venen som ho delte leilegheit med, er tiltalt for drap.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Sofie Vu Nguyen (20) vart laurdag kveld 26. september i fjor funnen død i leilegheita si i Eidsvåg i Bergen.

Venen som ho delte leilegheit med, ein mann på 20 år, vart funnen medvitslaus i eit anna soverom.

Han vart neste dag sikta for drap, og tilstod allereie i det første politiavhøyret.

Samstundes meiner politiet han valdtok kvinna etter at ho var død. Han er derfor tiltalt for både drap og likskjending.

– Blir eg sur, blir eg veldig sur

Då rettssaka starta i Hordaland tingrett måndag, sa 20-åringen seg skuldig i drapet.

Han nektar derimot straffskuld for likskjending, og for sovevaldtekt.

Han seier seg også skuldig i dyremishandling, fordi han putta katten til Sofie i vaskemaskinen i leilegheita, slik at den døydde.

Den tiltalte forklarer at han i fleire år var djupt forelska i barndomsvenninna.

Etter fleire år utan kontakt i ungdomstida, møttest dei att då ho fylte 18.

– Eg likte henne meir enn nokon andre. Sjølv om me ikkje møttest så mykje, hadde ho framleis ein plass i hjarta mitt, fortalde 20-åringen med skjelvande stemme.

Dei to flytta til Bergen for å studera hausten 2020, og ho sa ja til at dei skulle bu i lag.

Han fortel også at familien i oppveksten kalla han hissig.

– Eg kan vera veldig hemngjerrig. Blir eg sur på folk, blir eg veldig sur.

Uklart om tidspunkt

Drapet vart oppdaga etter at mora til Sofie ikkje fekk tak i henne på telefon.

Mora kontakta to studentar som også budde i huset. Saman med huseigaren fann dei den døde kvinna og den medvitslause tiltalte.

Aktor Silje Alsaker Solheim understreka at eit sentralt punkt om likskjending er tidspunktet for den seksuelle omgangen.

– Han har gitt si forklaring om relasjonen mellom dei. Bevisføringa vil avklara om det er grunn til å tenka annleis om det, seier ho.

I si utspørjing peika Solheim på at den tiltalte i retten har forklart seg uklart om tidspunkta drapskvelden, og annleis enn i politiavhøyr.

– Tiltalen inkluderer likskjending, og då er tidspunkta viktige.

NZHhYtZSTmg

UKLART OM TIDSPUNKT: Aktor Silje Alsaker Solheim meiner at den tiltalte har forklart seg uklart om tidspunkta drapskvelden. Her er ho saman med forsvarar Erik Johan Mjelde i Hordaland tingrett måndag.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Meiner han er tilrekneleg

Forsvarar Erik Johan Mjelde meiner aktor overdriv betydninga av at den tiltalte ikkje hugsar nøyaktige tidspunkt.

– Han har forklart seg delvis springande og ufullstendig for politiet. Hans føremål er å beskriva kva han meiner skjedde. Han klarar ikkje å knyte det til nøyaktige tidspunkt.

På grunn av plassmangel følger media rettssaka på video frå ein annan rettssal.

Rettssaka blir omsett til vietnamesisk av omsyn til vitne og pårørande. 20-åringen forklarer seg på flytande norsk.

Sakkunnige har tidlegare konkludert at den tiltalte er ikkje var psykotisk under hendinga, og han er funnen strafferettsleg tilrekneleg.

Det er sett av åtte dagar til rettssaka.

Erik Johan Mjelde

OVERDRIV: Forsvarar Erik Johan Mjelde meiner aktor overdriv betydninga av at den tiltalte ikkje hugsar nøyaktige tidspunkt.

Foto: Leif Rune Løland / NRK