Hopp til innhold

Kven skal sløkkje brannen i Kinn kommune?

Først fekk brannsjefen i Flora tilbod om stillinga som brannsjef i Kinn kommune. Men så klaga Vågsøy kommune. Då fekk Vågsøy-brannsjef Kim Hjelle tilbod om stillinga. No blir tilsettinga mat for rettsvesenet.

Robert Endestad og Kim Hjelle

TO MENN – EIN JOBB: Både Robert Endestad (t.v.) og Kim Hjelle (t.h.) vil ha brannsjefstillinga i Kinn kommune og begge har fått den. Kven som startar 1. januar 2020 er heilt uvisst.

Foto: NRK

Flora og Vågsøy kommunar slår seg saman frå nyttår til Kinn kommune. Det skjer ikkje utan dramatikk. No har også tilsettinga av ein ny brannsjef i den nye kommunen tatt fyr. For både brannsjefen i Flora og brannsjefen i Vågsøy kommune søkte på stillinga i den nye kommunen. No har også begge fått tilbod om stillinga som brannsjef.

Forviklingar

– Eg er tilsett som brannsjef i Kinn kommune. Eg ser jo kva som blir skrive i media, men det var det eg fekk tilbod om i eit møte i Florø for nokre veker sidan, seier Kim Hjelle frå Vågsøy.

Kim Hjelle

BRANNSJEF I KINN?: Kim Hjelle har fått tilbod om å vere brannsjef i Kinn kommune.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Problemet er berre at også dagens brannsjef i Flora kommune har fått tilbod om same stillinga. For Robert Endestad fekk tilbodet om stillinga først. Villkåret var ifølgje Firdaposten.no at Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) godkjende ein søknad om dispensasjon om kompetanse. Det gjorde dei.

Dermed gav altså administrasjonen tilbodet om stillinga som brannsjef i Kinn kommune til Robert Endestad.

Robert Endestad

BRANNSJEF I KINN?: Robert Endestad fekk tilbod om stillinga som brannsjef i Kinn kommune.

Foto: Bård Siem / NRK

Kuvending

Men så vart det sådd usikkerheit om kva DSB eigentleg hadde gitt dispensasjon frå etter eit spørsmål frå Vågsøy kommune, der Kim Hjelle er brannsjef i dag.

Dermed handla prosjektleiar i Kinn kommune, Terje Heggheim, raskt og gav tilbodet om stillinga til nestemann på lista – Kim Hjelle.

– Som rådmann i ein kommune med 1600 tilsette skal dei tilsette vite at eg ikkje kommenterer saka i media, så eg vel å ikkje kommentere det, seier Heggheim.

– Men det er ei betent sak dette?

– Det er klart at vi har ei sak vi jobbar med, og så lenge vi jobbar med saka så vel eg å ikkje kommentere den.

Terje Heggheim

FARSE: Prosjektleiar i Kinn kommune er Terje Heggheim. Det er han som har tilsett både Endestad og Hjelle som brannsjef.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Mat for juristar

På telefon frå Norges brannskole i Tjeldsund seier Robert Endestad at han ikkje ønskjer å kommentere saka i media, men viser til Hovudtillitsvald i Fagforbundet, Wenche Kvalvik.

– Som tillitsvald har eg oppretta sak som er sendt vidare til juridisk vurdering sentralt. Dette er ei sak vi ser bør bli vurdert juridisk fordi Robert Endestad er blitt tilbode ei stilling i Kinn kommune og at den er blitt omgjort, seier Kvalvik.

Fellesnemnda i Vågsøy vil bli orientert om saka på neste møte tysdag om tilsettinga.