Hopp til innhold

Tilsette taklar ikkje triste kundar

Tilsette i Sparebanken Sogn og Fjordane blir oppringt av fortvila kundar som taper stort på valutalån. Presset har blitt så stort at enkelte har sjukmeldt seg.

Sparebanken Sogn og Fjordane

Illustrasjonsfoto.

Foto: NRK

Sparebanken har seks hundre kundar som til saman har lånt over ein milliard i utanlandsk valuta. Det gjev tilsette tøffe dagar på jobb.

- Det har nok teke på. Ein del har blitt sjukemelde som følgje av dette, vedgår viseadministrerande direktør Mona Biering.

- Krevjande

Krona er svakare enn på lenge. Det slår negativt ut for husstandar som satsar på å tene pengar på å låne utanlandsk valuta. Det gjer dei når renta er lågare ute. Men siste halvåret har krona svekka seg kraftig, noko som igjen har gjeve kraftig verdiauke på låna. Til dømes eit lån på 1,5 millionar kroner i sveitserfranc i haust, kan no ha vakse med 30 prosent.

- Vi er veldig tett på kundane, og det er kundane vi er til for. Når vi ser at dei får urealiserte tap, så er det krevjande for oss å jobbe med det. Det er heilt klart, seier Biering.

Må realisere tap

Men det er ikkje tapa eine og åleine som gjer at tilsette ikkje maktar å jobbe opp mot triste kundar. For følgjene av store valutatap kan vere at bankane må tvinge kundar til å realisere tapet. Banken godtek nemlig ikkje at sikkerheita for låna forsvinn, når gjelda stig.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Valutameklar i Sparebanken Sogn og Fjordane Kjell Ove Høydal fortel at enkelte har måtte veksle tilbake til norske kroner med tap i det siste.

- Tenk deg om

Høydal seier at mange er uroa når dei ser at gjelda på huset stig med fleire hundre tusen kroner.

- Det er nok mange som er uroa og som lurer på når det skal stogge, seier han og oppmodar folk utan kjennskap til valutalån om å tenke seg om to gonger før dei ber om det.

- Sitt i båten

Sjeføkonom i DnBNor, Øystein Dørum, rår folk til å styre unna valutalåna. Den norske krona er rett og slett for ustabil.

- På generelt grunnlag har vi sagt at valutalån ikkje er for ein kvar, seier han. Prisen for ein euro er no 9 kroner og 40 øre, Dørum spår at krona skal styrke seg til åtte kroner for ein euro og rår kundar som har brent seg på valutalån til å sitje roleg i båten.