Barnevernstilsette bak kampanjen #heiErna har samla inn 30 historier frå tidlegare tilsette i Norge som har sagt opp jobben.
Tove Årevik jobba som sakshandsamar i barnevernet i seks og eit halvt år før ho ikkje orka meir.
– Når du går heim frå jobb har du ein klump i magen. Du tenkjer på alle telefonane du burde ha tatt, og alt du skulle ha gjort.
- Les òg:
Blei truga på livet
Avgjerda om å slutte tok ho etter å ha blitt truga på livet i arbeidstida.
– Eg blei truga av ein forelder som hadde med seg kniv, og stod på utsida av kontoret mitt og venta på meg.
– Etter det fekk eg meg hemmeleg adresse, hemmeleg telefonnummer, og eg hadde ein eigen plan for tryggleiken til borna mine.
Belastningane gjorde Tove Årevik sjuk.
– Eg vart medisinert for høgt blodtrykk før eg blei 30 år gamal. I ein periode var eg så stressa at eg ikkje klarte å snu på hovudet mitt.
Etter seks og eit halvt år sa ho stopp. Årevik slutta som sakshandsamar i barnevernet.
- Les òg:
#heiERNA: Dei barnevernstilsette ynskjer å sette søkelys på arbeidspresset dei har i jobben.
Foto: Skjermdump– Tomt for krefter
Tove Årevik er langt frå aleine. Hovudkravet til #HeiErna-kampanjen er fleire tilsette i barnevernet. Dette er nokre av dei 30 historiene som no er samla inn:
«Jeg har jobbet i barnevernstjenesten i fire år. Jeg elsker egentlig barnevernsjobben, jeg bare klarte ikke leve med at jeg fikk stadig flere saker og i alle de sakene satt det barn jeg visste trengte hjelp. Og jo mer jeg fikk å gjøre, jo mer lammet ble jeg. Til slutt var det tomt for krefter både på jobb og hjemmebane, og jeg måtte finne et nytt sted å bruke kompetansen min.»
Ein annan slutta etter berre tre og eit halvt år i jobben:
«Jeg kan ikke være i et slikt miljø hvor en går rundt med konstant dårlig samvittighet for alt en ikke rekker og kritikk fra alle som synes at du skulle gjort mer. Ære være dem som står i denne jobben!»
Har tatt grep
Bergen kommune allereie har tatt grep, og oppretta i fjor 26 nye stillingar i barnevernet. Samtidig kom det andre tiltak, blant anna opplæring og rettleiing til dei som jobbar i barnevernet.
– Vi satsa 25 friske millionar. Er det noko kommunane bør prioritere, så er det barnevern, seier byråd for helse og omsorg i Bergen, Rebekka Ljosland (KrF).
Ho seier Bergen kommune har eit mål om at sakshandsamarane i barnevernet i gjennomsnitt skal ha mindre enn 15 saker.
– STERKE HISTORIER: Jorunn Hallaråker (KrF) er statssekretær i Barne- og likestillingsdepartementet.
Foto: NRKHistoriene gjer inntrykk
Statssekretær i Barne- og likestillingsdepartementet Jorunn Hallaråker (KrF) seier det gjer inntrykk å høyre slike historier som Tove Årevik fortel.
– Saman med kommunane skal vi sikre eit godt barnevern. Det gjeld både for borna og dei tilsette.
Tove Årevik har fått seg eit nytt liv utanfor barnevernet.
– Familien min sa den dagen eg slutta i barnevernstenesta at dei opplevde det som om dei hadde vunne i Lotto. Dei følte dei fekk meg tilbake.
NRK rettar: I ei tidlegare versjon av denne saka skreiv vi at dei 30 historiane frå tidlegare tilsette var alle frå Bergen. Det rette er at #HeiErna har samla historiar frå heile landet.