Hopp til innhold

Tilsett ved Tibber koronasmitta

Ein person som jobbar i Tibber ved Peak Sunnfjord har testa positivt for koronavirus, skriv Firda. Førde-kontoret er stengt ned, og alle 20 tilsette er på heimekontor.

– Vi fekk beskjed seint i går kveld at ein tilsett har testa positivt. No skal alle saman teste seg slik at vi er sikre på at smitten ikkje breier seg vidare, seier dagleg leiar Edgeir Vårdal Aksnes til NRK.

Aksnes seier dei i praksis ikkje har hatt fullt kontor på mange månader.

– No har vi prøvd å rekonstruerer alle interaksjonar som har vore for å kunne bidra til at kommuneoverlegen kan gjere jobben sin.

Dagleg leiar Pål Anders Kårstad ved kontorfellesskapet Peak Sunnfjord seier til Firda at dei har bede alle dei andre verksemdene om å heimekontor om det er mogleg.

Tibber
Foto: Oddmund Haugen / NRK