Denne veka blei tilsette på Zachariasbryggen i Bergen tilrådde å stemme på Bergenslisten, Industripartiet eller Framstegspartiet.
I ei lukka gruppe for tilsette la styreleiar og medeigar i Zachariasbryggen AS, Petter Arnesen, ut følgjande melding:
Partia han nemner er dei einaste som i dag er i mot Bybanen og/eller den planlagde bybanetraseen.
Bergensavisen omtalte saka først.
Uroa for arbeidsplassane
– Folk er ikkje klar over kva betydning den bygginga utanfor Zachariasbryggen har å seie med tanke på omsetning, og korleis Bryggen skal bli dei neste ti åra, seier Petter Arnesen.
Utanfor Zachariasbryggen, ofte kalla «Zachen», ser han nøgd utover dei mange gjestene som har sete seg ned i solsteika. Uteplassen ligg like ved der den nye bybanetraseen er planlagd.
Han meiner ikkje at å oppfordra til å stemma på visse parti, er over streken.
– Dei ynskjer å behalda arbeidsplassen sin, og då seier eg til dei kva som skjer med arbeidsplassen deira. Så dette er i beste interesse for våre tilsette.
Petter Arnesen er styreleiar i Zachariasbryggen, og fryktar konsekvensane av Bybanen.
Foto: Lidvard Sandven / NRKStyreleiaren nemner fleire gongar at viss bybanen går over, mister Zachen, og fleire andre bedrifter langs utbygginga, rundt 70 % av inntektene.
Det baserer han på to andre utestadar han har drifta, som gjekk ned i omsetnad då ein byrja å grava i vegen utanfor.
– Er det ikkje bra for bedrifter langs Bybanen at han blir bygd?
– Nei, det er heilt katastrofe. Ingen vil sitja ved sidan av eit tog og ta seg ein øl, slår Arnesen fast.
Bygginga av Bybanen til Åsane er delt opp i seks delstrekningar, der det er anslått at det på det meste er arbeid 2-3 år på same plass, opplyser Bybanen Utbygging.
– Sidan bygginga skjer delvis, er det vanskeleg å seie kva den totale tidsramma for prosjektet vil bli, seier Jostein Fjærestad i Vestland fylkeskommune.
Slik vil Ap-Venstre-byrådet at Bybane-traseen til Åsane skal se ut:
Første stopp vi være i Kaigaten i Bergen sentrum
Før turen går videre til Fisketorget og langsmed Bryggen i Bergen
– Etisk urovekkjande
– Dette meiner eg er etisk urovekkjande fordi det kan legge press på arbeidstakarane om å stemme i ei viss retning, seier Tine Eidsvaag.
Ho er førsteamanuensis ved Juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen og seier det ikkje finst noko direkte forbod mot at arbeidsgjevarar kjem med ei slik tilråding. Likevel meiner ho det er problematisk.
Eidsvaag kallar tilrådinga for etisk urovekkjande. Likevel er det ikkje ulovleg å kome med ei slik tilråding, jamfør ytringsfridomen.
Foto: Oda Flaten Lødemel– Det er ein maktubalanse i og med at utsegna kjem frå ein overordna person som har påverknad over arbeidstakarane sin arbeidssituasjon.
Spesielt unge eller mellombelse tilsette kan føle på press, meiner ho. Ei slik oppmoding kan bli rettsstridig, dersom arbeidsgjevaren behandlar dei som seier dei ikkje vil følge ho, dårlegare enn dei som seier dei vil gjere det.
– Då kan det vere rettsstridig diskriminering på grunnlag av politisk syn etter arbeidsmiljølova.
Ingen reaksjonar frå dei tilsette
Rolf Haug Færøy har vore tillitsvald ved Zachariasbryggen dei siste ni-ti åra. Han ser ikkje noko problematisk ved innlegget og seier dei fleste tilsette er «vaksne og oppegåande folk som tek eigne val».
– Kan ikkje eit slikt innlegg vere med å skape press på dei tilsette når det kjem frå ein av sjefane?
– Det er jo kanskje nokon som meiner det er rart at han legg ut dette på ei intern gruppe, men eg har ikkje fått reaksjonar enda, seier han.
Færøy kan ikkje hugse at leiinga tidlegare har kome med tilrådingar om å stemme på visse politiske parti.