Hopp til innhold

Tillitsvald skuffa etter konkurs

Tillitsvald Egil Auflem i Vidre AS er skuffa etter konkursen i selskapet. Han meiner eigarane ikkje har gjort jobben sin.

Buss frå Vidre

BUSS NUMMER 1: Dette var første bussen som Vidre leverte. Bussfabrikken hadde formell opning 14. april 2011.

Foto: NRK

– Eg er skuffa, for dette burde leiinga sett før. Vi er fleire som meiner at leiinga ikkje har gjort jobben sin, seier Auflem.

Fredag kveld blei det kjent at 30 tilsette ved bussfabrikken Vidre AS i Stryn mistar jobben, etter at selskapet har meld oppbod.

Dei siste månadene har selskapet hatt nedgang i omsetninga og dette har svekka dei økonomiske resultata kraftig. Men eigarane i selskapet har sagt nei til å tilføre selskapet meir kapital.

– Kom overraskande

Vidre AS vart etablert i 2011 som ei vidareføring av bussproduksjonen ved karosserifabrikken i Stryn. Etter etableringa i 2011 har selskapet produsert spesialbussar og utført reparasjons- og ombyggingsarbeid på buss- og spesialkjøretøy. Omsetninga i 2012 var på 62 millionar kroner.

Auflem meiner konkursen kom overraskande på dei fleste og at dei ikkje trudde det skulle gå så gale.

– Vi visste at årsrekneskapen låg dårleg an, men ikkje at det var så gale som dette. No skal vi møte på jobb som vanleg måndag morgon, men håpet om vidare drift er mikroskopisk. Når styret har funne ut at det er det ikkje er forsvarleg å drive vidare, er det ikkje stort håp, seier han til NRK.

Avviser kritikken

Arild Bødal

AVVISER KRITIKKEN: Styreleiar Arild Bødal seier eigarar og tilsette har stått på for å berge verksemda.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK (MMS-foto)

Styreleiar Arild Bødal avviser kritikken og seier dei har jobba hardt for å berge bedrifta.

– Frå i haust og fram til no har eigarane skote inn mykje ny eigenkapital. Heilt sidan då har det pågått ein restruktureringsprosess for å skape eit nytt og godt økonomisk fundament. Likevel har vi ikkje klart å levere ein god nok omsetnad, seier han til NRK.no.

Trur alle er like skuffa

Han seier både tilsette og eigarar har lagt ned ein stor innsats for å få på plass eit økonomisk fundament.

– Så når tillitsvald seier at vi ikkje har gjort jobben vår, meiner eg det er ein lite gjennomtenkt kommentar. Eg vil eg heller seie at vi ikkje har lukkast med å gjere jobben vår. Sjølvsagt har eg full forståing for tillitsvald er skuffa, både på eigne og tilsette sine vegne. Dei er nok minst like skuffa som eigarane.

– Kva skjer med det pågåande arbeidet ved fabrikken?

– Problemstillinga no er at når vi har meld oppbod, er ansvaret ute av våre hender. Leiinga har ikkje lenger påverknad på kva som skjer i bedrifta. Eg forstår at det er vanskeleg å skjøne, men slik er det. Dessverre kom dette rett før ei helg, men måndag vil det sannsynlegvis bli oppnemnd ein bustyrar.

Tillitsvald Egil Auflem trur no at til tilsette må sjå seg om etter nytt arbeid.

– Per i dag er det ikkje så enkelt i Stryn, så det kan gå litt tid før alle får jobb igjen, seier han.