Hopp til innhold

Tilfeldig taiwansk kaps sikra nordmannen sponsoravtale med sykkelgigant

Triatlonutøvar Gustav Iden vann VM iført ein kaps han hadde funne på gata. Det sikra han stjernestatus i Taiwan og sponsorkontrakt med sykkelmerket Giant.

Gustav Iden signerte sponsoravtale på Taiwan-besøk

INVITERT TIL TAIWAN: Gustav Iden fann ein kaps på bakken i Japan. Då han brukte den under medaljeseremonien i VM, tok det fyr i Taiwan. Etter å ha blitt invitert til øystaten, signerte han denne helga ein sponsoravtale med sykkelmerket Giant.

Foto: Privat

I september sprang bergensutøvaren Gustav Iden først over målstreken under triatlon-VM Ironman 70.3 i Nice.

Men det var ikkje først og fremst sigeren som gjorde at talet på nye Instagram-følgjarar gjekk frå 8000 til 30.000 i timane etter målgang.

Det var heller det han hadde på hovudet under medaljeseremonien.

Taiwanarar valfarta til tempelet

Kapsen hadde han funne utandørs under ei treningsøkt i Japan.

– Eg visste ikkje kva som stod på han, men syntest kapsen var kul, seier Iden om kapsen han fann på gata.

På kapsen stod det kinesiske ordet for Puyan Shunze Temple, eit over 300 år gamalt tempel vest på øya. I Taiwan gjekk spekulasjonane vilt om bakgrunnen for at ein nordmann vann VM med eit hovudplagg som refererte til det kjende taoist-tempelet sentralt på Taiwan.

Til avisa Taipei Times seier tilsette ved tempelet at dei blei nedringt etter VM-løpet av folk som ønskte å kjøpa kapsen.

– Eg såg først at eg hadde fått mange nye følgarar frå Taiwan. Så tok det berre meir og meir av, seier Iden når NRK møter han på Flesland onsdag føremiddag.

For nordmannen sitt hatteval blei dekka breitt i taiwanske medium, og førte til at Iden blei invitert til landet.

– Eg hadde tenkt å seia nei, men då dei tilbydde meg businessklasse-billettar, så forstod eg at dette var ei moglegheit eg ikkje kunne takka nei til.

Triatlonutøver Gustav Iden ble invitert til Taiwan etter å ha brukt tilfeldig kaps under medaljeseremonien etter VM-seieren.

MOTTATT: Slik såg det ut då triatlonutøver Gustav Iden besøkte tempelet han indirekte hadde reklamert for. Video: Biji Running

Besøkte tempel – og signerte sponsorkontrakt

På sin eigen Instagram-profil la Iden i helga ut fleire bilete og videoar frå besøket.

– Regjeringsapparat i Taiwan la opp til eit skikkeleg program, der eg fekk oppleva alt mogleg rart. Det har vore eit ekstremt trykk under heile besøket, seier Iden.

Mellom anna besøkte han det mykje omtalte tempelet, og på videoane er det tydeleg at nordmannen er populær i Taiwan. Om lag 3000 møtte opp for å få autografar og ta bilete med nordmannen. Taiwan News skriv at dei frammøtte ropte «champion» då Arna-mannen besøkte tempelet.

Onsdag landa 23-åringen på Flesland etter det fleire dagar lange opphaldet på øystaten sør for Kina.

Med seg i kofferten hadde han ein rykande fersk sponsorkontrakt med det taiwanske sykkelmerket Giant.

– Den er veldig, veldig bra. Eg er ekstremt fornøgd.

Mangla sponsor – vann VM med «feil» sykkel

For medan konkurrentane i VM sykla på temposykkel, sykla Iden på landevegssykkel. Det gjorde han fordi han enn så lenge ikkje hadde fått på plass ein sykkelsponsor som sponsa han med ein god nok temposykkel.

Men etter den utrulege kaps-historia, er problemet løyst. På turneen signerte han ein treårsavtale med sykkelmerket.

– Som produsent er dei verdas største. Som utøvarar er dei ganske små, seier Iden når han samanfattar Taiwan sin posisjon i sykkelsamanheng.

– Men fleire av verdas største sykkelprodusentar er i Taiwan, så dei er store på sykkel. Triatlon er ikkje veldig stort, rett nok.

Giant presenterte samarbeidet på sine heimesider onsdag. Selskapet vil sponsa Iden med triatlon-syklar, landevegssyklar og utstyr dei neste tre åra.

– Triatlon er ein veldig intensiv, interessant og utfordrande idrett, skriv merkevaresjef Phoebe Liu i pressemeldinga.

Caps Gustav Iden

(埔鹽順澤宮): På kapsen stod det kinesiske ordet for Puyan Shunze Temple, eit over 300 år gamalt tempel vest på øya. Det gjekk ikkje umerka i taiwanske prateprogram.

Hyllar Instagram-effekten

Iden satsar knallhardt fram mot OL i Tokyo til neste år. Bergensaren meiner den halvgalne historia viser effekten av sosiale medium.

– Utan Instagram, og utan at bileta hadde blitt spreidd og sett av folk i Taiwain, hadde eg aldri blitt invitert over. Då ville eg sikkert aldri fått ein så gunstig sponsoravtale som eg har fått no, seier Iden.