Tilbyr nye mottaksplassar

UDI Region Vest har fått tilbod om fire nye mottak for mindreårige asylsøkjarar i Sogn og Fjordane. Norsk Folkehjelp har tilbydd 40 plassar i Høyanger og 40 plassar i Bremanger. Hero Norge AS ser føre seg 40 plassar i Lærdal, mens Lopex Mottak AS vil drive 40 plassar i Aurland. UDI lyste etter til saman 100 nye plassar på Vestlandet, og har også fått tilbod frå Randaberg, Sandnes, Stavanger og Bergen. Kven som får drive mottak blir klart 8. juni.