Hopp til innhold

Visste om millionunderslag – ga Blomhoff ny jobb

Sjølv om styret i Betanien kjente til eit underslag på fem millionar kroner, tilbaud dei leiaren ein konsulentstilling med ei årsløn på 500.000 kroner. Tillitsvalde krev styrets avgang.

Betanien

FÅR KRITIKK: På bakgrunn av underslagssaka ved Stiftinga Betanien i Bergen, krev tillitsvalde at både styreleiar Christian Hysing-Dahl (bilete) og resten av styret tek hatten sin og går.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Are Blomhoff

TILSTOD: I Drammen tingrett innrømma den tidlegare presten og leiaren av Betanien, Are Blomhoff, å ha brukt mesteparten av underslaget på 15,3 millionar kroner til festar og sex med prostituerte i Spania.

Foto: Johannes Morken / Vårt Land

Det skriv avisa Vårt Land. Det er revisjons- og rådgjevingsfirmaet BDO som har gjort ein gransking av kva som vart gjort då Stiftelsen Betanien Bergen (SBB) vart klar over direktøren Are Blomhoff sine underslag. Vurderinga er gjort på oppdrag av styret i stiftinga.

Blomhoff vart tidlegare denne månaden dømd til fengsel i tre år for underslag, bedrageri og sexkjøp i utlandet. Underslaga gjekk føre seg i minst åtte år.

Signerte avtale om ny stilling

Sommaren 2012 gjekk ein varslar til eit av styremedlemmene og fortalde om moglege misleghald frå Blomhoff. Styreleiar Christian Hysing-Dahl vart informert. I november same år la varslarane fram dokumentasjon som styreleiaren meinte var tydelege bevis på underslag frå Blomhoff.

Først i januar 2013 vart han konfrontert på eit møte, og Blomhoff erkjente underslag. På dette tidspunktet var underslaget summert til fem millionar kroner.

Vårt Land skriv at ein advokat på oppdrag frå styreleiar undersøkte om Betanien var plikta å melde Blomhoff til politiet. Svaret var nei. Samstundes signerte Blomhoff avtalen som han hadde fått av styreleiar. Han skulle få halde fram i ein konsulentstilling i stiftinga, med ei årslønn på 500.000 kroner.

Først i oktober 2013 vart styret samde om å melda underslaget til politiet. Hordaland politidistrikt tok ut siktinga månaden etter.

– Gå av!

I sluttrapporten frå BDO får styret i Betanien kritikk for fleire forhold. Granskarane meiner styreleiar og andre medlemmer av styret burde ha reagert raskare då dei vart varsla om mogleg misleghald.

Det gjekk fire månadar før Blomhoff vart konfrontert, og det gjekk så åtte månadar før styret konkluderte med at han måtte meldast til politiet. Det «burde vore gjort på eit langt tidlegare tidspunkt», heiter det i rapporten.

Det er dei tillitsvalde ved Betanien heilt samde i. I eit brev som avisa Vårt Land refererer til, skriv dei tillitsvalde til styreleiar Hysing-Dahl at styret har svikta, og at det må gå av.

Tilliten har smuldra opp

Tillitsvalde ved Betanien i eit brev til styreleiar Hysing-Dahl

Vil ikkje trekka seg no

Hysing-Dahl seier til avisa at dei tek kritikken frå dei tillitsvalde «djupt alvorleg».

– Men styret kan ikkje berre gå av.

Likevel kan det kome endringar seinare i år.

– To styremedlemmer har opplyst at dei ikkje tek attval. Min rolle blir vurdert når det framtidige styret blir sett saman, seier styreleiaren.