Hopp til innhold

Tilbake i Lefdal gruve etter 9 år

EID (NRK): Rolf Kristiansen jobba i 10 år i den tidlegare i olivingruva i Eid. No er kjentmannen henta tilbake av Lefdal gruve – vel og merke til ei gruve med eit heilt anna bruksområde enn han er vand med.

Rolf Kristiansen i Lefdal gruve

ERFAREN MANN: Rolf Kristiansen har jobba i gruve i mange år, og kring 10 år har han jobba i gruva i Eid. Til og med utan lys skulle han klart å finne vegen ut av gruva, seier han.

Foto: Silje Guddal / NRK

150 meter djup, 600 meter lang, 350 meter brei, og fleire kilometer med veg. Dimensjonane på det som ein gong var verdas største olivin-gruve er store. I slutten av august presenterte Lefdal gruve starten på bygginga av det dei meiner kan bli det største datasenteret i Europa.

Med seg på laget har dei fått ein som kjenner gruva omtrent like godt som si eiga bukselomme. Rolf Kristiansen jobba i det som då var ei olivingruve, frå 1996 til 2006.

– Det er bra at det endeleg kjem aktivitet her i gruva igjen, seier han.

Kjenner gruva ut og inn

Med stummande mørke rundt seg, og enorme gangar og hallar er det godt å ha med seg ein kjentmann. Til og med utan lys meiner Kristiansen at han skulle fint klart å komme seg ut av den svære gruva.

– Eg var med og dreiv nivå tre som den her datalagringa skal byggjast på. Der hadde vi full drift i 1996. Det var ein veldig fin arbeidsplass med godt miljø,, fortel Kristiansen.

Emil Sundal og Jimmy Nore i Lefdal gruve

STÅR PÅ: Emil Sundal og Jimmy Nore (til høgre) har lange dagar inne i gruva. Dei jobbar med å reinske fjellet og lage murar mellom dei ulike bura før arbeidet med å sikre fjellet skal starte. Dei tykkjer det er heilt ok å jobbe i sju-åtte grader.

Foto: Silje Guddal / NRK

I 2009 var det slutt for olivingruva, og sidan då har dei ruvande gruvehallane stått tomme. Denne veka vart Kristiansen tilsett i Lefdal gruve og no er det datalagring som er føremålet.

På ein sørpete grunn under ein himling som ruvar 18,5 meter over han, studerer han arbeidet som blir utført rundt han. Eit datasenter var langt utanfor tankane om kva gruva kunne bli brukt til.

– Akkurat dette med data hadde vi aldri tenkt på.

Har fått over 200 jobbsøknader

Mats Andersson marknadsdirektør i Lefdal gruve

STOR INTERESSE: Marknadsdirektør Mats Andersson fortel om stor interesse for å jobbe i gruva.

Foto: Silje Guddal / NRK

På det Mats Andersson, marknadsdirektør i Lefdal gruve, kallar Sogn og Fjordane sin beste veg, tek dei seg fram inne i gruva. Også han blei overraska då han faktisk fekk sjå storleiken på det heile. Og stadig fleire vil få denne opplevinga, for prosessen med å tilsetje folk er i gang.

– Sidan førre tysdag har vi fått over 200 jobbsøknader. Dei kjem frå sjølvsagt Nordfjord, men også heile landet og det kjem frå USA og England. Folk er litt fascinert og vil vere med på denne reisa, fortel han.

I starten er det først og fremst behov for folk til administrasjon og marknad, og for folk som jobbar med serverar og datahallane. Etter kvart vil dei også få behov som har peiling på vedlikehald og drifting av serverar.

– Vi får tak i folk, det gjer vi, men vi er veldig opptekne av å tilby mest mogleg av dette til lokalt næringsliv, både i utbygging og i drift, seier Andersson.

Lefdal gruve

UNDER ARBEID: Så snart gruva er reinska for stein og anna som ikkje skal vere der skal arbeidet med sikring starte. Deretter skal dei få på plass infrastrukturen.

Foto: Silje Guddal / NRK